Hopp til innhold

Mann omkom etter drukningsulykke i Rauma

Politiet fekk melding om drukningsulykka klokka 14.20 søndag.

Redningsaksjon i Rauma.

Naudetatane ved ulykkesstaden i Innfjorden i Rauma.

Foto: Arnt M. Olsen

Mannen hamna i vatnet i Innfjorden, og naudetatane rykte ut.

Det blei gitt livreddande førstehjelp, men livet til den eldre mannen sto ikkje til å redde.

Rykte ut

Dei pårørande er varsla.

Politiet opplyser at mannen blei funnen like ved båten sin.

– Vi fekk melding om ei mogleg drukningsulykke i Rauma, og rykte ut saman med ambulanse og luftambulanse, fortel operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Erik Daniel Dyb.

Brannvesenet rykte også ut til staden.

– Det vart då funnen ein eldre mann i sjøen. Han blei tatt på land og gitt livreddande førstehjelp, men etter ei stund måtte vi dessverre avbryte, og mannen vart stadfesta omkomen, fortel operasjonsleiaren.

Drukningslulykke Rauma.
Foto: Arnt Morten Olsen

Opprettar sak

Politiet kan ikkje no seie kva som er årsaka til ulykka, men dei har oppretta sak.

– Vi veit at han var nede på brygga med båten sin, utover det har vi ikkje detaljar om ulykka. Men vi har oppretta ei sak der vi vil forsøke å lande litt meir kva som har skjedd, seier Erik Daniel Dyb.