– Ein mann i 40-åra er stadfesta omkomen etter ei båtulukke i Borgundfjorden, melder operasjonsleiar Kenneth Sætre i Sunnmøre politidistrikt klokka 20.57.
Mannen var om bord i ein fritidsbåt på om lag 25 fot som då kolliderte med ein slepebåt.
– Han blei kasta i vatnet og seinare plukka opp og send til sjukehus. Han var bevisstlaus då han blei henta opp av vatnet, sa Sætre til NRK like før klokka 19.00.
Mannen blei hasta til sjukehus, men livet hans stod ikkje til å redde.
– Politiet vil undersøke og etterforska ulukka vidare, slår Sætre fast.
«Såg dramatisk ut»
Politiet på Sunnmøre fekk melding klokka 17.10 om ein kollisjon mellom to båtar. Båtulukka skjedde på Borgundfjorden ved Tyskholmen i Ålesund.
– Det såg ganske dramatisk ut frå her vi sat, sa eit augevitne til Sunnmørsposten i etterkant av ulukka.
Mannen i fritidsbåten enda altså i vatnet, før han blei plukka opp.
Sleit med å få oversikt
Klokka 18.00 sa politiet på staden til NRK at dei ikkje hadde full oversikt etter ulukka.
På ulukkesstaden blei det i lang tid søkt etter fleire personar. Både politibåt, redningsskøyte og fritidsbåtar deltok i søket, samt dykkarar.
– Vi har ingen indikasjonar på at det var fleire enn éin person i båten, sa operasjonsleiar Kenneth Sætre klokka 18.52.
Like før hadde 110-sentralen i Ålesund stadfesta til NRK at søket i vatnet var over.
– Det blir ikkje gjort fleire søk, slo dei fast.