Fekk ikkje drikke
I januar i fjor oppdaga pårørande at mannen fekk for lite væske, og stilte fleire kritiske merknader til behandlinga som pasienten fekk ved institusjonen. Dei kunne ikkje sjå at nokon gav han væske eller at nokon kontrollerte væskebalansen. Varselsnora var heller ikkje innan rekkevidde for pasienten, og det var varmt i romet.
Åse Sykehjem, Ålesund.
Pasienten døydde
Pasienten fekk seinare høg og vedvarande feber og døydde samme månad på Åse sjukehus. Til trass for at pasienten måtte ha hjelp til å drikke, vart det ikkje observert væskeinntak alle dagane.
I eit brev til Ålesund kommune, kritiserer Helsetilsynet Åse sjukeheim for manglande drikkedokumentasjon. Helse-tilsynet vurderer no om kommunen har gode nok rutinar for å unngå svikt og feil.
Alvorleg
Rådmann i Ålesund kommune, Ragna Dahl Grønnevet ser svært alvorleg på brevet frå helsetillsynet. - Dette er eit veldig alvorleg brev, så dette må vi gå inn i og sjå korleis vi driv tenesta vår, seier ho. - Eg trur rutinane våre er rimeleg bra, men ein annan ting er om rutinane blir etterlevde, seier Grønnevet.
Ragna Dahl Grønnevet, rådmann i Ålesund.
Systemfeil
Helsetilsynet vil ikkje vurdere om einskildpersonar har gjort feil i denne saka. Kritikken er retta mot systemfeil. - Kommunen må no vurdere om kritikken skal få følgjer for Åse Sykehjem, seier Ragna Dahl Grønnevet, rådmann i Ålesund.