Hopp til innhold

Mann i sjøen i Vestnes

Ein mann vart flogen til sjukehus etter at han hamna i sjøen i Fiksdal i Vestnes.

Mann i sjøen Fiksdal/Tomrefjord

Då det vart oppdaga ein tom båt i fjøresteinane, rykte naudetatane ut.

Foto: tipsar

Klokka 18.20 fekk naudetatane melding om at det låg ein båt i fjøresteinane i Fiksdal i Vestnes kommune i Romsdal. Det var mistanke om at ein person hadde hamna i sjøen og redningsskøyte, ambulansebåt, Sea King, ambulansehelikopter, dykkarar og politi vart rekvirert. Mannen vart etter kort tid funnen og tatt opp av sjøen.

– Det vart starta gjenoppliving på mannen og tilstanden er ukjent. Han er flogen til sjukehus med helikopter, seier Kenneth Sætre. Han er operasjonsleiar ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Ståle Jamtli, redningsleiar ved Hovedredningssentralen, seier at den eldre mannen var åleine i snekka. Sidan han vart funnen etter kort tid, snudde redningshelikopteret frå Florø.

– Mannen var svært nedkjølt og er sendt til St. Olavs i Trondheim, seier Jamtli.