Hopp til innhold

Blei skulda for å dra på fest med positiv koronatest

Politiet sette i gang etterforsking etter ein nyttårsfest i Molde der ein ung mann blei skulda for å bryte isolasjonen. – Det var enormt med rykte, seier mannen.

Molde-mann hetsa

Politiet i Molde har etterforska saka etter at ein ung mann var på nyttårsfest og seinare testa positivt på koronatesten.

Grafikk: NRK

Det blei ein tøff start på det nye året for den unge studenten frå romsdalsbyen. Han har måtte tole ein flaum av rykte og hets etter nyttårsfeiringa. Folk trudde nemleg at han hadde gått på fest, vel vitande om at han var smitta av korona.

– Det var enormt med rykte. Folk eg ikkje kjenner sende meg meldingar og kalla meg kvalm. Andre var sinte, fortel studenten. Det blei også oppslag i media, mellom anna i NRK, om at han kunne ha brote isolasjonsreglane.

Tok test før fest

Gjennom pandemien har han testa seg jamleg, fordi han har ein underliggande sjukdom.

På dagtid på nyttårsaftan testa han seg på teststasjonen. Han hadde ingen symptom, men sidan svaret på ein PCR-test ikkje kjem same dag, valde han også å ta ein hurtigtest før festen. Den var negativ. Dermed tenkte han at det var greitt å feire nyttår saman med kompisane.

Dagen etter kom svaret frå teststasjonen. Testen var positiv, og han måtte varsle nærkontaktane sine, altså dei som hadde vore på fest nyttårsaftan. Ein fest som hadde langt fleire deltakarar enn anbefalt. Enkelte reagerte med sinne og skulda han for å med vitande og vilje dra på fest med koronasmitte.

– Eg testa meg før fest. Andre testa seg ikkje og drog på fest med hundre personar, og så hetsar dei meg, seier studenten. Han vil ikkje stå fram med namn fordi han ikkje orkar meir hets.

I veit kem det e, og i e så jævlig sint

Person på Jodel

I va der, og e i karantene no pga han der. Va på besøk med besteforeldran da i fikk beskjed. Fyfaen.

Person på Jodel

Saka blei lagt bort

Janne Woie

Janne Woie er seksjonssjef ved Molde politistasjon. Ho ber folk tenke kva dei skriv på sosiale medium.

Foto: Roar Strøm / NRK

Rykteflaumen blei så heftig at politiet blei kopla inn. Dei etterforska om mannen hadde brote karantenereglane og smittevernforskrifta, men konkluderte onsdag med at det ikkje har skjedd noko straffbart. Saka er dermed lagt bort.

Dei ber no folk tenke seg om før dei fyrer laus i sosiale medium.

– Det er tungt å stå i for den det gjeld, seier seksjonssjef ved Molde politistasjon, Janne Woie. Ho seier at folk både har identifisert mannen i sosiale medium og konkludert med kva som skjedde, før saka var ferdig etterforska.

– Koronasmitten var truleg gamal

Mannen er no letta over at politietterforskinga viser at han ikkje gjorde noko straffbart.

Mykje tyder også på at han heller ikkje er koronasmitta no. Det var nemleg så lite virus i PCR-testen han tok nyttårsaftan at han måtte ta ytterlegare ein test 3. januar. Den var negativ. Sjølv trur han at han kan ha vore smitta i Oslo for nokre veker sidan, utan at han har hatt symptom.

For å vere på den sikre sida har han likevel sete i isolasjon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL