Hopp til innhold

To døde etter brann i Molde

Mannen i 70-åra som blei skadd i brannen i Molde natt til fredag, døydde søndag kveld av skadane han pådrog seg i brannen.

Brann Molde

BRANN: Eit ektepar i 70-åra omkom i ein brann i Molde. Politiet jobbar no med å finne brannårsaka.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Det melder politiet i Møre og Romsdal måndag.

Avdøde blei først køyrd til Molde sjukehus for behandling, men blei seinare overført til Haukeland universitetssjukehus i Bergen der han døydde.

Mannen si ektefelle, ei kvinne i 70-åra, døydde allereie natt til fredag som følge av skadane ho fekk då det starta å brenne i tomannsbustaden der dei budde.

Uklar brannårsak

Det var rundt klokka 01.38 natt til fredag at politiet melde om ein brann i ein tomannsbustad i Molde. Det blei meldt om røyk og flammar på staden.

Det var ifølge politiet fem personar i bygget då det starta å brenne.

Politiadvokat Anders Skorpen Trøen

UKLAR BRANNÅRSAK: Politiadvokaten seier det er for tidleg å seie noko om brannårssaka.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Dei tre i første etasje greidde å kome seg ut på eiga hand og skal vere uskadde, sa Jon Bratland, operasjonsleiar i politiet til NRK fredag morgon.

Brannvesenet fekk etter kvart kontroll på brannen og det var ikkje fare for at den skulle spreie seg til andre bygg.

Krimteknikarar frå politiet har starta på undersøkingar på staden.

– Det er altfor tidleg å ha ei klar meining på kva som var årsaka til brannen, seier politiadvokat Anders Skorpen-Trøen i Møre og Romsdal politidistrikt.

Ønska tips

Fredag hadde politiet også ei rundspørjing i nærområdet rundt bustaden.

– Vi ønskjer å kome i kontakt også med andre som eventuelt kan ha opplysingar om brannforløpet, sa politiinspektør Knut Meek Corneliussen til NRK då.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL