Det var like før 13.00 at politiet i Møre og Romsdal melde om ei elsparkesykkelulykke i Kristiansund.
Ein mann i 30-åra er no frakta til St. Olavs hospital i Trondheim med luftambulanse for behandling etter ulykka.
– Det er snakk om mogleg alvorleg hovudskade, seier Arild Reite, operasjonsleiar i politiet.
Det er så langt uklart om mannen hadde på seg hjelm.
Det er ingen plikt til å bruke hjelm for vaksne og for barn over 15 år, men NAF oppfordrar alle til å bruke hjelm, enten dei bruker elektrisk sparkesykkel eller sykkel.
– Uklart kva som har skjedd
Det er uklart korleis ulykka har skjedd. Ifølge politiet skal det ikkje ha vore andre køyretøy eller personar involvert.
Operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Arild Reite.
Foto: Synnøve Hole / NRK– Vi har så langt ingen vitne som såg kva som skjedde, men vi har fleire vitne som kom til etter hendinga for å ta seg av mannen. Han var ganske fortumla og forslått. Så langt kan det tyde på at han har velta, fortel Reite.
Politiet har hatt ei patrulje på staden for å gjere undersøkingar. Dei skal også gjere avhøyr av dei som var på staden i etterkant av ulykka.
Operasjonsleiaren fortel at dei vil prøve å avhøyre mannen i 30-åra på eit seinare tidspunkt.
– Så lenge han er på sjukehus til behandling for alvorlege hovudskadar, så får vi jo ikkje snakke med han.
Mange ulykker med elsparkesykkel
Det har vore fleire ulykker med elsparkesyklar etter at desse blei stadig meir vanleg rundt om kring i Noreg.
15. mai blei det innført strengare reglar for bruk av elsparkesyklar i eit forsøk på å redusere talet på ulykker.