Hopp til innhold

Mann i 20-åra teken av snøskred

I 13-tida torsdag ettermiddag gjekk det eit snøskred i Tudalen på Fjellsætra i Sykkylven. Éin mann i 20-åra blei teken av skredet, før han blei henta ut og frakta vekk i luftambulanse.

Skred på Fjellsætra

Politiet og AMK var på Fjellsætra i Sykkylven og tok hand om både mannen som blei teke av skredet og kameratane.

Foto: Tipsar

– Det var eit turfølgje på tre personar. Turkameratane såg at kompisen blei teken av skredet.

Det fortel Kenneth Sætre, operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt.

Meldinga om snøskredet i Tudalen på Fjellsætra kom i 13-tida torsdag. Ifølgje operasjonsleiaren er det tre nordmenn. Det er uvisst om dei er lokalkjende i området.

Var bevisst

Kameratane kom raskt i gang med leitinga, og fekk etter kvart hjelp av éin i trakkemaskina på staden.

– Mannen blei funnen etter 5–10 minutt. Det er litt uvisst kor hardt skadd han er, men vedkommande er i god behald, seier Sætre til NRK.

Både politi og AMK var på staden, og personen som blei teken i skredet blei frakta vekk med luftambulanse.

– Turkameratane blir tekne hand om på staden, opplyser politiet.

Var utstyrt med sendar

Sætre opplyser at mannen som blei teken av skredet er fødd i 1989.

– Han var vaken heile vegen til sjukehuset. Han har nokre småskadar i eit kne.

Vidare fortel operasjonsleiaren at mannen hadde utstyret i orden.

– Han var utstyrt med sendar og mottakar. Det er nok ein del av grunnen til at han blei funnen så raskt, seier Sætre til NRK.

Klokka 15.05 opplyser politiet at alt søk i skredområdet er avslutta. Politiet er sikre på at kun éin person blei teken av skredet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.