NRK Meny
Normal

Utvidar søket etter sakna mann

Hovudredningssentralen søker no vest og sørvest for Smøla på Nordmøre etter ein sakna 22 år gamal mann.

Leiteaksjon Grip

Den forliste båten blei funnen Langholman utanfor Tustna i Aure.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Redningsaksjon Grip

Etter ei pause på tre timar blei søket etter ein 22-åring tatt opp igjen i femtida tysdag.

Foto: Redningsskøyta Erik Bye
Redningsskøyta Erik Bye

Per Jakobsen og Johan Leandersson frå redningsskøyta Erik Bye idet dei starta søket etter den sakna mannen måndag kveld.

Foto: Redningskøyta Erik Bye

Båten til den sakna blei funnen tom ved Langholmen ved Tustna måndag ettermiddag.

– Hundrevis av holmar og skjær gjer leitinga svært vanskeleg og krevjande, seier redningsleiar ved Hovedredningssentralen (HRS) Jørn Åmlid til NRK tysdag ettermiddag.

Søket til sjøs med helikopter og rednignsskøyte vart avslutta klokka 20.30 tysdag kveld på grunn av mørket.

– Men strandsøket vil halde på utover natta med småbåtar og frivillige frå Raude Kors, seier Asbjørn Viste i HRS til NRK klokka 20.45.

Båten, som stanga opp i fjæra ved Langholman utanfor Tustna i Aure, viste seg å vere tom. Fordi båten ikkje viste teikn til å ha slite seg frå fortøying, vart det raskt starta søk etter eigaren, fortalde operasjonsleiar Thorry Aakenes i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

– Vi har sett inn alt vi har av ressursar i dette søket, sa Edvard Middelthon i Hovedredningssentralen til NRK i 19.30-tida måndag.

– Men det er mange timar sidan han fall over bord, så håpet vert mindre time for time, la han til.

Sjå TV-reportasjen frå tysdag kveld:

Både frivillige og mannskap frå politi og forsvaret leitte heile tysdag etter 22-åringen som er sakna utanfor Kristiansund. Så langt er den stranda seglbåten det einaste ein har funne.

Leiteaksjon på Grip

To politimenn skulle bli med i søket frå 20.30-tida måndag, men vart ståande att på bakken då redningshelikopteret fekk tekniske problem og måtte flyge attende til Ørlandet.

– Vi får no assistanse frå luftambulanse frå Ålesund i staden for. Politimennene vil også bli plukka opp for å kunne bidra i søket i husa på Grip, opplyser Middelthon til NRK klokka 21.25.

Politimennene har no kome til Grip og for å saumfare bygningar på øya.

Artikkelen held fram etter videoen.

Ambulansehelikopter frå Ålesund måtte bistå i søket etter sakna 22-åring då redningshelikopter fekk tekniske problem måndag kveld.

Luftambulanse vart sett inn i søket etter 22-åringen då redningshelikopteret fekk tekniske problem.

– Søkjer utover natta

– Vi jobbar no saman med politiet for å prøve å finne ut kva som har skjedd, seier Cecilie Øversveen i Hovedredningssentralen til NRK i 22-tida.

Tidlegare på kvelden var fleire fartøy involvert i leiteaksjonen, men fleire måtte gje seg på grunn av mørket. I 23-tida er det redningsskøyta Erik Bye og kystoppsynsfartøyet Munin som er med i søket, samt luftambulansen frå Ålesund.

– Dei leitar på holmar og skjær vest for Tustna og vil halde på inntil vidare, seier Øversveen.

Aktiverte "mann over bord"-knappen

Eigaren, ein mann i 20-åra, la søndag ut frå Kristiansund for å segle til Grip.

Til Kristiansund-avisa Tidens Krav fortel styrmann Johan Leandersson på redningsskøyta Erik Bye at nokon hadde aktivert Mann over bord-knappen i båten seksten timar før båten vart funnen.

– Kartposisjonane på GPS-en viste at knappen vart aktivert utanfor Grip, seier Leandersson til avisa.

– Vanskeleg i mørket

Redningsskøyta begynte søket i 17.30-tida. I 20.30-tida seier styrmannen til NRK at dei vil halde fram søket i nokre timar til.

– Vi er no ute å søkjer ved Grip og vil halde fram til Hovedredningssentralen ber oss avslutte, seier han.

– Det blir ikkje lettare å finne mannen å finne mannen no som det blir mørkare, men vi gjer så godt vi kan, legg han til.

Redningsskøyter leitte framleis etter den sakna 22-årigen ved Grip i 22-tida måndag.

Søket etter den sakna mannen heldt fram i 22-tida måndag. Sterke lykter frå redningsskøytene vert brukt under leiteaksjonen.

Redningshelikopteret som skulle delta i søket etter sakna mann ved Grip måndag kveld, fekk tekniske problem.

Redningshelikopteret fekk tekniske problem måndag kveld, og måtte derfor returnere til Ørlandet i staden for å bli med i leiteaksjonen i havet ved Grip.