Mann funnen skadd på gata i Ålesund

Ein mann er funnen skadd i Notnesgata i Ålesund. Politiet veit ikkje om mannen er utsett for vald.

Mann funnen skadd i Notnesgata

Ein mann i 40-åra er sendt til sjukehus. politiet veit ikkje om han er utsett for vald.

Foto: Kari Nygard Tvilde

Det var i dag tidleg klokka 07.10 at mannen vart funnen liggande i gata av folk som bur i området.

– Eg kan ikkje seie noko om helsetilstanden til mannen. Han er sendt til sjukehus, seier Trygve Ødegård, som operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt. Mannen var medvitslaus då han vart funnen og har hovudskader.

Politiet veit ikkje om mannen i 40-åra er utsett for vald eller om det er ei ulukke. Dei ber om at folk som kan ha sett noko, ringer politiet på telefonnummer 02800.

Politiet har gjort undersøkingar på staden.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.