Hopp til innhold

Mann funnen skadd

Ein mann i 20-åra blei i morgontimane funne skadd ved Volsdalsberga i Ålesund. – Det kan sjå ut som ei fallulykke. Vi jobbar no på staden for å finne ut kva som kan ha skjedd og om nokon har sett noko. Mannen er frakta til sjukehus og skadeomfanget er så langt ukjent, seier Kenneth Sætre, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, til NRK. Det var smp.no som først omtalte saka.