Mann funnen i sjøen i Halsa

Naudetatane har rykt ut etter at ein mann er funnen i sjøen i Halsa på Nordmøre. Mannen har truleg falle ut av båten sin, ifølgje politiet. Tilstanden til mannen er uklar og det blir jobba med livreddande førstehjelp.