Hopp til innhold

Person funnen død på Nordmøre etter stor politiaksjon

Politiet kan framleis ikkje seie meir om bakgrunnen for at ein person blei funnen død på Averøya på Nordmøre onsdag kveld. Dødsfallet vart stadfesta kort tid etter melding om ein trusselsituasjon.

Averøya

Frå åstaden på Averøya. Like etter klokka 20 skal ein person gått ut av huset i lag med politiet. Denne personen skal ifølgje politiet ikkje ha noko med saka å gjere.

Foto: Roar Halten / NRK

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad seier dei ikkje utelukkar noko.

Foto: Ingrid Telset Heltne / NRK

Politiet er seint onsdag kveld sparsame med opplysningar om dødsfallet på Averøya på Nordmøre.

– Vi kan ikkje seie noko meir utover at vi gjer alle undersøkingar som er nødvendig når vi finn ein død person på ein mistenkjeleg måte, seier politiadvokat Inger Ferstad ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Ho seier dei gjer undersøkingar utover kvelden for å sikre tekniske spor på staden.

Dødsfall på Averøya

Ei politisperring ved åstaden på Averøya.

Foto: Roar Halten / NRK

Leitar ikkje etter gjerningsperson

Politiet avviser seint onsdag kveld at dei leitar etter ein gjerningsperson, og vil ikkje utdjupe samanhengen mellom trusselsituasjonen tidlegare på kvelden og funnet av den døde personen.

– Nei, det gjer vi ikkje.

– Men er det grunn til å tru at det har skjedd noko kriminelt?

– Vi utelukkar ingenting, vi er heilt opne, seier Ferstad.

Like etter klokka 20 fortel NRK sin reporter på staden at politiet gjekk ut av huset med ein person, og at dei understreka av denne personen ikkje har noko med dødsfallet å gjere.

Kriminalteknikarar og taktiske etterforskarar jobbar på staden onsdag kveld.

Dødsfallet fann stad på Averøya på Nordmøre.

Stort politioppbod

Fleire av naboane seier det har vore eit stort politioppbod i området i ettermiddag, og at det også kom eit helikopter.

– Vi er på staden og kan bekrefte at ein person er funnen død, sa operasjonsleiar i politiet, Sindre Molnes, til NRK klokka 19.30.

Status klokka 21.15 er den same.

Dødsfallet skal ha funne stad ved ei privat adresse på Averøya.

Politiet fekk først melding om ein uavklara trusselsituasjon og valde derfor å væpne seg. Trusselsituasjonen vart meldt inn i 16.30-tida onsdag. Då politiet kom til staden fann dei ein mann død.

Dødsfall Averøya

Politiet på åstaden på Averøya. Ifølgje fleire naboar har det vore stort politioppbod i kveld. Politiet har mellom anna undersøkt grøfter med lommelykt.

Foto: Roar Halten / NRK

Kriseteamet er onsdag kveld ikkje kalla ut.