Hopp til innhold

Mann funnen død i Nesset

Ein mann vart funnen død i sjøen i Høvika i Nesset søndag formiddag, skriv avisa Driva. Politiet har henta inn krimteknikar for å undersøke dødsfallet nærare.

Eidsvåg i Nesset

Det var i 11-tida søndag at politiet fekk melding om at ein død person var funnen i sjøen, ikkje langt unna Eidsvåg sentrum. Mannen skal ha vore ute i båt.

Til Driva seier lensmannsførstebetent Esben Bakk ved Sunndal lensmannskontor at mannen truleg la ut på sjøen laurdag og at han var åleine i båten.

– Saka blir etterforska og mannen blir obdusert. Vi veit ingenting om dødsårsaka, seier Tove Anita Asp, operasjonsleiar ved Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.

Mannen er i 60-åra og er heimehøyrande i Indre Nordmøre. Politiet prøver å finne ut om det kan vere vitne som har sett noko. Det er ikkje mistanke om at det har skjedd noko kriminelt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL