Hopp til innhold

«Hjelp, eg er blitt rana i York»

Gjennom å hacke seg inn på den private eposten hans, prøvde utanlandske aktørar å lure til seg pengar frå kontaktnettet til Jan Sporsem frå Aukra.

Jan Sporsem

Jan Sporsem fekk e-posten sin hacka. No åtvarar han andre.

Foto: Privat

«Beklagar bryet, men eg er blitt rana for alle verdisaker i York. Kan du vere so snill å låne meg 1500 pund so eg kjem meg tilbake?»

Slik lyd mailen som fleire hundre mottakarar kunne lese måndag. I avsendarfeltet stod det at teksten var sendt frå Jon Sporsems private epostadresse. Men han var slett ikkje i York, men på jobb i Korea. Ikkje eig han veske som kunne stelast, og ikkje hadde han noko behov for å låne 1500 pund.

Nettsvindel
Foto: NRK

«Beklagar for ulemper, eg er i York, United Kingdom. Eg er her i ein veke og eg hadde berre vesken min stolen på buss-stasjonen. Den inneheld alle mine vitale element, telefon, pengar og pass. Eg har vore prøver å sortere ut ting, eg trenger litt hjelp frå deg. å låne meg 1500 pounds å sortere meg ut av denne knipen, og summen vil vere betales tilbake så snart eg kjem tilbake frå Storbritannia. du kan sende pengar med Western Union

Mvh
Jan Sporsem»

For truskyldige

– Dei som hacka epostkontoen min, klarte og å sende ein versjon til meg på jobb-epost. Det var slik eg oppdaga det, fortel mannen frå Aukra, som brukte heile dagen i telefon med uroa vennar og kjende.

– Ettersom det er ganske dårleg språk i mailen lukta dei fleste lunta tvert. Dei skjønte at eg var blitt hacka og at dette var nokon som forsøkte å svindle til seg pengar. Fleire ville då ringe for å varsle og for å sjekke at alt gjekk bra, seier Sporsem. Han tenker sitt om kvifor nettopp han blei plukka ut av hackarane.

– Det er nok fordi eg har vore for dårleg med å skifte passord, eller at eg ikkje har hatt so avansert passord som eg burde. Sonen min fortalde meg i ettertid at du kan dobbeltsikre Gmail-kontoen din med to passord, så det får bli mitt råd til alle andre. Vi er altfor truskyldige her til lands, og tenkjer at det ikkje skjer oss – men så skjedde det altså meg.

Høgsesong for nettkapring

Trude Talberg-Furulund i Datatilsynet trur absolutt at sommaren er den tida på året då det er mest ulovlege inngrep i folks nettidentitet.

– No som det er ferietider er det mange som er ute og reiser, no meir enn nokon gong, og då blir det og lettare å tru på at nokon er stranda ein stad utan pass og pengar.

I tillegg til det dårlege språket ein ofte ser i luremailar, seier ho det og er lurt å sjekke avsendaren, og ikkje gjere noko forhasta før du har lest og sjekka nøye kva som eigentleg går føre seg.

– Ein kan av og til sjå det på avsendaradressa. Er det .no eller .com, verkar den truverdig og så vidare. Men eg trur det viktigaste er å halde hovudet kaldt og vurdere situasjonen. Kor realistisk er det at denne personen du kjenner står i den situasjonen det blir påstått, og han eller ho i so fall kontakta deg via mail? Det kan hjelpe å late som ein står på den andre sida og tenke gjennom kva ein sjølv ville gjort.

Trude Talberg-Furulund
Foto: Hans Fredrik Asbjoernsen / Datatilsynet

Lurt å google seg sjølv

Nokre generelle råd frå Talberg-Furulund er å aldri, aldri ha same passord på alle nettkontoane dine.

– Om du har same passord på Facebook, epost og nettforum er det plutseleg veldig lett å gå frå eitt stad til eit anna. Å google seg sjølv med jamne mellomrom kan og vere lurt. Mange anar ikkje kor mykje om dei som ligg ute på nettet, og kor mykje av det som kan brukast til å byggje ein profil av deg som person som kan brukast mot deg.

– Er nordmenn for truskyldige på nett?

– Vi har absolutt ein del å gå på. Vi har blitt litt betre, men lærer framleis mykje på den harde måten. Særlig er det mykje ukritisk nedlasting av appar utan å sjekke vilkår og løyve.

– Spør dei unge

Sporsem opplyser at ingen andre personlege kontoar på nett ser ut til å vere tukla med etter at epostkapringa kom under kontroll. Han ser ingen grunn til å prøve å finne ut av kven som stod bak.

– I den situasjonen eg er i no med jobb i Korea trur eg det er vekkasta tid og energi. Dei er såpass gode dei som driv med det her at eg trur det blir vanskeleg å finne ut.

Aukramannen vil rette ein stor takk til alle som varsla og tenkte på han medan det heile stod på, og seier at han nok kjem til å halde litt ekstra auge med nettryggleiken heretter.

– Eg kjem i alle fall til å skifte passord oftare, og bruke ordninga med doble passord på Gmail-kontoen. Elles er det lurt å spørje ungdommen om hjelp. Dei heng betre med i dataalderen enn oss litt eldre og veit godt korleis det skal gjerast.