Hopp til innhold

Mann (20) døydde i arbeidsulukke

Det var ein 20 år gammal mann frå Polen som omkom i ei arbeidsulukke på Kalvatn torsdag ettermiddag.

Kalvatn

Saka blir oppdatert.

Det var ein mann 20 år gammal frå Polen som omkom i arbeidsulukka på Kalvatn. Det stadfestar Ole Bjørn Harang, innsatsleiar ved Sunnmøre politidistrikt i kveld.

Politiet fekk fyrst melding om ulukka like før klokka 14.00 i dag, og rykte raskt ut til staden.

Mannen skal ha drive på med tømmerhogst på nordre Kalvatn saman med to andre menn, og ulukka skjedde i samband med skogsarbeid i området. Det var eit tre som ramla over mannen.

Politiet arbeider vidare med varsling av dei pårørande og vil seinare orientere nærare om personalia og sjølve hendinga. Klokka 18.30 jobba dei framleis med å varsle mannen sine pårørande. Politiet vil etterforske saka vidare.

Mannen jobba med felling av tre og oppheldt seg i eit bratt terreng då ulukka skjedde.

Politiet har i ettermiddag gjort undersøkingar på staden, og arbeider med å skaffe seg ei oversikt over kva det er som har skjedd.

Arbeidstilsynet er varsla og ulykka vil bli etterforska.

Både politi, brannkorps og ambulansehelikopter rykte ut til staden. Det blei sett i gong livreddande tiltak, men livet stod ikkje til å redde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL