NRK Meny
Normal

Mann fekk 12-åring til å blotte seg

Ein mann i 30-åra er i Romsdal tingrett dømt til 45 dagars fengsel på vilkår. Han skal ha oppfordra ei 12 år gamal jente til å sende bilete av seg sjølv med nakne bryst.

Norges lover

Det var faren til jenta som oppdaga samtalane mellom 12-åringen og den vaksne mannen. Han vart dømd til 45 dagars fengsel på vilkår.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Det var i 2012 at mannen skal ha fått jenta til å sende bilete av seg sjølv med blotta bryst. Ifylgje dommen frå Romsdal tingrett hadde mannen og jenta kontakt med kvarandre gjennom tekstmeldingar og Skype. Det var faren til jenta som oppdaga at dottera hadde hatt samtalar med mannen og samtalane hadde eit seksualisert innhald. På ein dag vart det sendt 580 tekstmeldingar og nokre bilete.

I dommen står det at for retten er det openbart at tiltalte har lokka fornærma til å utvise seksuelt krenkande åtferd. Mannen har nekta straffskuld og har forklart at han trudde jenta var 16 år eller eldre. Han meiner at ho har opplyst at ho var i alderen 16–18 år. Jenta fortalde at ho dreiv med skyting og bilmekking. Desse opplysningane gjorde at mannen var sikker på at ho hadde fylt 16 år.

Retten meiner at mannen burde ha forstått at jenta var yngre enn 16 år, blant anna fordi det går fram av korrespondansen at ho var skuleelev og hadde symjetimar på skulen.

Saka vart meld til politiet i november 2012, men var ikkje ferdig etterforska før i mars 2015. På grunn av at saka har blitt svært gamal, fann retten det riktig å redusere straffa.

Mannen vart dømd til 45 dagars fengsel på vilkår, med ei prøvetid på to år.