Hopp til innhold

Mann fall åtte meter ned i båt i Hustadvika

Ein mann i 30-åra er sendt til sjukehus etter ei arbeidsulykke på ein båt i Hustadvika. Mannen skal ha falle ca åtte meter ned.

Arbeidsulykka skjedde i Elnesvågen i Hustadvika kommune.

– Vi har ikkje oversikt over skadeomfanget. Personen er medviten og kontaktbar, sa Tove Holst-Dyrnes klokka 17. Ho er operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Klokka 19.10 opplyser politiet at dei er ferdige med sine undersøkingar på staden, og at personen er frakta til Molde sjukehus i ambulanse.

Mannen skal ha ramla ca. åtte meter ned i eit lasterom på ein båt. Politiet har oppretta sak.

Båten ligg til kai ved Hustad Marmor i Elnesvågen.