NRK Meny
Normal

Russisk mann hardt skadd etter fall frå båt

Ein mann som dreiv sveisearbeid på Fiskerstrand verft, ramla frå båten og fall 10 meter ned i sjøen. Mannen er svært alvorleg skadd, ifylgje Helse Møre og Romsdal.

Laster kart, vennligst vent...

Ulykka skjedde på Fiskerstrand i Sula på Sunnmøre.

Det var klokka 14.30 at politiet fekk melding om arbeidsulykka ved Fiskarstrand verft i Sula på Sunnmøre.

Ein arbeidar som dreiv sveisearbeid om bord i ein båt, ramla over bord.

– Han skal ha mista balansen og datt i sjøen mellom kaia og båten, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet har vore på staden og avhøyrt vitne og danna seg eit inntrykk av båten og omgivnadene.

– Arbeidstilsynet er også varsla, seier Sætre. Mannen vart henta med helikopter og flogen til sjukehus.

Mannen i 40-åra, er ifylgje Helse Møre og Romsdal, svært alvorleg skadd. Mannen er operert og tysdag kveld er tilstanden stabil.

Ser alvorleg på saka

Fiskerstrand Verft ser svært alvorleg på saka og har hatt debrifing for dei tilsette i ettermiddag.

– Mannen sveisa på dekk og sat framoverlent nær ripa. Då han skulle reise seg, har det truleg svimla for han og han ramla, seier Elise Gjermundrød. Ho er HR-kommunikasjonssjef ved Fiskerstrand verft.

Ingen såg sjølve fallet, men det gjekk berre 30 sekund før mannen vart tatt på land. Dei tilsette i sanitetsgruppa gav mannen førstehjelp. Han var medvitslaus dei første 5–6 minutta.

Området var sikra

Den russiske mannen er ikkje tilsett ved verftet, men er mannskap om bord i båten som ligg til reparasjon.

– Området er sikra, men han fall under sikringa, seier Gjermundrød.

Kunne de ha sikra området betre?

– Det er alltid eit spørsmål vi stiller når noko skjer. HMS er viktig for oss og alle på verftet får opplæring. Ikkje berre våre eigne tilsette, men også mannskapet på båtane, seier Gjermundrød.

Onsdag skal verftet ha møte, der også dette vert tema.

– Dette er ei alvorleg sak for oss, som vi undersøker grundig, seier kommunikasjonssjefen.