I 23-tida i går vart ein rutebuss i Kristiansund rana av ein mann med øks. Det var to passasjerar om bord då ranet skjedde, men ingen vart skadde.
Politiet har i kveld pågripe ein mann frå lokalområdet.
– Mannen er ein kjenning av politiet, seier operasjonsleiar Jan Erik Kjelle ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.
Den sikta er i 20-åra og i avhøyr nektar han for å stå bak ranet.
Bussen hadde videokamera om bord og politiet går no gjennom opptaka. Kjelle seier at dei ikkje utelukkar at fleire personar har vore involvert i ranet.
Onsdag formiddag vil politiadvokaten ta stilling til om mannen skal framstillast for varetektsfengsling.