Hopp til innhold

Mann lurte husverten inn i bustaden og valdtok henne

Ein mann i 30-åra er dømt til fengsel i seks år for valdtekt av ei kvinne han leigde ein bustad av.

Sunnmøre tingrett

FENGSEL: Møre og Romsdal tingrett har dømt ein mann til seks år fengsel for valdtekt.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det var i fjor haust at overgrepet mot kvinna skjedde.

Då hadde han budd fem veker i husværet han leigde av kvinna. Mannen i 30-åra tok kontakt med henne og ba om hjelp med internett og steikeomnen.

I dommen står det at mannen verka roleg og høfleg i løpet av dei vekene han hadde budd der. Bustaden hadde mannen leigd gjennom Nav.

Låste døra bak ho

I følgje dommen frå Møre og Romsdal tingrett låste mannen ytterdøra bak kvinna og det blei etter kvart eit basketak.

Kvinna greidde på eit tidspunkt å rømme inn på badet, der ho prøvde å opne eit vindauge og rope til ei anna kvinne som hadde stått utanfor bustaden. Dette klarte ho ikkje.

«Fornærma forklarte at tiltalte blei enda meir aggressiv og at han verka som et vilt dyr og at ho ikkje oppnådde augekontakt med ham. Fornærma frykta for livet sitt og gav til slutt opp og slutta å gjere motstand», står det i dommen.

Mannen nekta for å ha gjort det han var skulda for, då saka gjekk for tingretten førre veke.

– Ingen formildande omstende

Etter valdtekta flykta kvinna i tryggleik og fekk varsla både naudetatane og familie.

Retten skriv at overgrepet har preg av ei overfallsvaldtekt.

Aktor Inger Myklebust

Aktor Inger Myklebust la ned påstand om seks års fengsel for mannen. 

Foto: Frode Berg / NRK

Kvinna blei sendt til overgrepsmottaket og sikra tekniske bevis. Retten finn det bevist utover rimeleg tvil at mannen har handla med forsett.

Retten ser alvorleg på at mannen hadde verka som ein høfleg og roleg person, for så å lure kvinna inn i bustaden før han angreip henne.

Mannen blei pågripen kort tid etter hendinga og har sitte varetektsfengsla i 260 dagar. Han blei sendt til tvungen psykiatrisk undersøking, der ekspertane konkluderer med at han var tilrekneleg då valdtekten skjedde.

Aktor Inger Myklebust la ned påstand om seks års fengsel under rettssaka.

Retten fann ingen formidlande omstende og sette straffa til det same som aktor hadde bede om. Mannen får frådrag for dei dagane han allereie har site varetektsfengsla.

Mannen blei også dømt til å betale 220.000 kroner i oppreising til kvinna.

Advokaten til mannen seier at dei per no ikkje har ein kommentar til dommen.