Hopp til innhold

Mann dømd for å ha selt huset bak ryggen på kona

Ein sunnmørsmann er dømd til fengsel for å ha forfalska underskrifta til kona. Før ho forsto kva som hadde skjedd, forsvann familien sitt hus på tvangssal.

Flyttelass

FLYTTELASS: I lang tid etter tvangssalet sto flyttelasset urørt. Kona i huset seier til NRK at ho ikkje visste at huset til familien låg ute for sal. Først då dei nye eigarane dukka opp, la mannen korta på bordet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Familien på Sunnmøre hadde budd i huset i over 20 år, då det ein morgon dukka opp framande og forklarte at dei skulle flytte inn. Utan at kona i huset visste noko som helst, hadde mannen signert papira som godkjende tvangssalet.

Kort tid etter flytta den nye familien inn.

– Det var heilt forferdeleg. Det er som om det bur framande i heimen min, eg klarer ikkje å køyre forbi huset, seier den tidlegare kona.

NRK kjenner identiteten til kvinna, men har valt å anonymisere henne av omsyn til familien og dei nye eigarane.

Vedgjekk forfalsking

Den morgonen dei nye eigarane dukka opp, la mannen alle kort på bordet. Han skreiv også sjølv ei erklæring til Møre og Romsdal tingrett der han forklarte at han hadde forfalska underskrifta til kona si, og at ho ikkje visste noko.

Men då var det ingen veg tilbake.

Hos tingretten fekk trebarnsmora beskjed om at klagefristen var ute, og at huset var lovleg selt til nye eigarar. Det same konkluderte lagmannsretten og høgsterett med.

Den 04.02.2021 forfalsket tiltalte NNs underskrift på forkynningsslippen fra tingretten med den følge at huset ble tvangssolgt og familien måtte flytte fra boligen. NN ble ikke kjent med forfalskingen eller at huset var tvangssolgt før kjøperne kom i forbindelse med overtakelse.

Møre og Romsdal tingrett

Mannen ønskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK, men stadfestar framstillinga til den tidlegare kona si. I ettertid har ekteparet gått kvar til seg, men under rettsaka i Møre og Romsdal tingrett nyleg vedgjekk han på nytt å ha forfalska underskrifta hennar.

No er han dømd til fengsel i 120 dagar og til å betale ei bot på 60 000 kroner.

Høgsterett avviste saka til kvinne i Møre og Romsdal

Den tidlegare kona har kjempa i tre rettsrundar for å få kjent tvangssalet ugyldig, men har ikkje nådd fram.

Foto: Øyvind Sandnes/montasje / NRK

Ventar på pengar til sikrare system

NRK har tidlegare omtalt den oppsiktsvekkjande historia om hussalet på Sunnmøre.

Då etterlyste distriktsleiar Are Opdahl i Huseiernes Landsforbund automatiske, digitale varslingar, elektronisk identifisering og signering.

Dette ville gjort det umogleg å fjerne brev eller forfalske underskrifter.

Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset opplyser til NRK at domstolane no i juni opna for digital kommunikasjon med advokatar og meddommarar også i tvangssaker. Men førebels er ingen private partar kopla på løysinga, og årsaka skal vere økonomi.

Utvikling av nye, sikre løysingar krev større økonomiske ressursar enn dei budsjett våre folkevalgte politikarar på Stortinget har vore villege til å tildele våre domstolar, skriv ho i ein epost til NRK.

Are Opdahl representerer Huseierforeningen

Distriktsleiar Are Opdahl i Huseiernes Landsforbund meiner at også rettsvesenet burde ta i bruk digitale system som ville gjort det uråd å til dømes forfalske ei underskrift.

Kjempar framleis for huset

Det har gått over eitt år sidan familien på Sunnmøre måtte flytte frå huset. I lang tid sto flyttelasset urørt i den nye heimen til trebarnsmora. Ho meiner framleis at domstolen burde oppheva tvangssalet, og gir ikkje opp kampen.

– Eg held fram med å kjempe for å få gjennom det eg meiner er rett, seier ho.

Dommen frå Møre og Romsdal tingrett er førebels ikkje rettskraftig.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL