Hopp til innhold

Mann berga ned frå fjell

Det vart sett i gang ein redningsaksjon etter at ein mann sat seg fast ved Middagsfjellet i Volda onsdag kveld.

Redningsaksjon Volda

Det var like før klokka 18.00 at politiet fekk melding om at ein mann hadde gått seg fast på ca. 700 meter ved Middagsfjellet i Volda kommune.

Det var mannen sjølv som kontakta politiet for hjelp.

– Mannen var fjellvant, men hadde hamna på eit parti der det var så bratt at han ikkje greidde å ta seg vidare, verken opp eller ned, seier Per Åge Ferstad, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Henta i helikopter

Ein redningsaksjon vart sett i gang og hovudredningssentralen Sør-Norge sende eit Sea King-helikopter for å redde mannen ned frå fjellet.

– Forholda på staden var av ein slik karakter at mannen kunne heisast opp i helikopteret, fortel operasjonsleiar.

Like før klokka 19.00 var vedkomande trygt nede frå fjellet.

– Vi hadde kontakt med han heile tida, og han var uskadd og i fin form, seier Ferstad.