NRK Meny
Normal

Slått og sparka medan han låg nede

Ein mann blei slått ned utanfor ein uteplass i Ålesund natt til søndag. Politiet etterlyser no vitne til hendinga.

Politi illustrasjon

Natt til søndag blei ein mann i Ålesund slått og sparka medan han låg nede.

Foto: Kyrre Lien/Scanpix

Det var i 04.20-tida at ein mann blei slått ned utanfor utestaden Bocca i Ålesund.

– Mannen blei slått og sparka medan han låg nede og måtte hentast av ambulanse, opplyser politiet.

Han blei så frakta til Ålesund sjukehus for nærare undersøking.

Politiet har etterlyst vitne i samband med hendinga.

– Vi har begynt å danne oss eit bilete om kva som skal ha skjedd, men dersom nokon veit noko, kan dei kontakte etterforskingsavdelinga på måndag, seier operasjonsleiar i politiet på Sunnmøre Tor-André Gram Franck.

Saka vil bli etterforska av politiet.