Hopp til innhold

Tissetrengde turistar manglar toalett

Turistar i tusental reiser rundt for å oppleve Noreg. Men mange stader får dei problem når dei må på do.

Turistar i tusental reiser rundt for å oppleve Noreg. Men mange stader får dei problem når dei må på do.

Det er ikkje alltid like enkelt å vere turist og måtte på toalettet.

Ved cruisehamna i Ålesund står toalettet klart, men det er ikkje her turistane har størst behov. Det er når dei kjem inn i byen at problemet melder seg. I dag låg det to store cruiseskip til kai i Ålesund med meir enn fire tusen cruiseturistar om bord.

Dei tyske turistane Kurt og Jutta Korb skulle inn på toalettet på eit kjøpesenter i byen, men dei mangla femkroningen som er prisen for å komme inn.

– Det er problem med toalett både i Ålesund og Geiranger, seier Felicitas Kocer. Ho er gaid for turistane og ynskjer seg fleire toalett.

LES OGSÅ:

Cruiserekord

Onsdag var det cruiserekord i Geiranger med heile sju skip på ein dag. Då måtte turistane finne seg i å stå i lang dokø. Rådmann i Stranda kommune ynskjer seg fleire toalett i turistbygda, men seier at kommunen ikkje kan betale dette åleine.

Fleire stader i fylket opplever turistane problem med å finne toalett. Det mest trafikkerte ferjesambandet i Møre og Romsdal er Aursnes-Magerholm. På ferjekaia står det med store bokstavar at her er det toalett, men det er stengt. Slik har situasjonen vore sidan i fjor vinter.

Snik seg inn

Anita Nøring, avdelingsleiar ved Destinasjon Ålesund og Sunnmøre meiner at større turistgrupper må rekne med ventetid for å kome seg til toalett.

– Det er sjølvsagt ikkje like enkelt når dei ikkje har ein norsk femkronar, seier Nøring. Då vert løysinga ofte å snike seg inn utan å betale i den augneblunken andre kjem ut døra.

Skal bli betre

Samferdselssjef Arild Fuglset i fylket seier at dei er klar over manglane fleire stader. Dei er snart i gang med eit prosjekt som skal betre tilbodet langs vegane, på ferjekaiene og på bussterminalane.