Hopp til innhold

Manglar skulebøker

Fleire av skulane i Ålesund manglar lærebøker ei veke etter at skulane har starta. Årsaka er leveringsvanskar frå bokhandlarkjeda BS norli.

Skolebøker
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Viss ikkje dette betrar seg til neste år vil skulane skifte leverandør, seier rektor

Greta Herje er rektor ved Spjelkavik barneskole.
Foto: Olaug Bjørneset / NRK

ved Spjelkavik barneskule, Greta Herje.

- Vi har sagt frå til Norli at vi vil ha bøkene levert tidlegare neste år, viss ikkje er vi ikkje interessert i å ha ein avtale med dei, seier Herje.

Vanskar også i fjor

Det er andre året at skulane i Ålesund har avtale med Oslo-bokhandelen BS norli om å levere skulebøker. Også i fjor var det vanskar med leveransane, men i år er det fleire av ålesundsskulane som ikkje har fått bøkene som dei har bestilt.

Forklaringa er at Forlagssentralen har flytta inn i nye lokale og har hatt vanskar med sitt nye distribusjonsanlegg. I tillegg vil ikkje bokhandlar Norli sende ut bøkene før alle som skal til Ålesund er på plass.

Dårleg avtale

Det er Ålesund kommune som har inngått avtalen som gir rabattar på bokkjøp.

- Så lenge elevane ikkje får bøkene til skulestart er dette ein dårleg avtale, seier Herje.

- Tidlegare har kvar enkelt skule handla med den vi har hatt lyst til. Vi har stort sett brukt dei lokale. Dei har gitt utmerka service og fulgt oss opp personleg.

Vil bytte leverandør

Viss ikkje leveransane betrar seg til neste år er det ikkje aktuelt å halde fram med avtalen.

- Då er det ikkje noko alternativ for oss. Dette systemet kan vi ikkje leve med. Viss dei ikkje kan yte oss betre service kan vi ikkje bruke dei, seier Herje.