Hopp til innhold

Manglar framleis femti frivillige

Fem dagar før Sommerfesten er det framleis ikkje klart kven som skal selje øl.

Birgitte Furnes og Ina Blindheimsvik

ANSVARLEGE: Birgitte Furnes (t.v.) og Ina Blindheimsvik manglar 50 personar fem dagar før Sommerfesten.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Om det er ein einaste ting dei mange norske festivalane har til felles, så er det at dei er heilt avhengige av stor frivillig innsats.

LES OGSÅ: Imponert over gratisfestival

LES OGSÅ: Store stjerner til gratisfest

Vil tene på innsatsen

Marianne Alvarado-Mora

STILLER IKKJE: Marianne Alvarado-Mora vil ha betalt når ho jobbar.

Foto: Heidi Fagna / NRK

På ein tilfeldig sjekkrunde på eit kjøpesenter i Ålesund, fann NRK ingen som har tenkt å jobbe frivillig på festival.

- Viss eg skulle jobbe så mange timar, ville eg helst hatt noko for det, seier Marianne Alvarado-Mora.

Fleire andre viste til at dei ikkje har tid, men at dei elles ville stilt.

- Frivillige er fundamentet

Emma Nordlander og Mona Jill

STILLER IKKJE: Emma Nordlander og Mona Jill har ikkje tid.

Foto: Heidi Fagna / NRK

- Dei frivillige er fundamentet vårt, seier frivilligansvarleg Ina Blindheimsvik.

Fem dagar før høgtalarane dundrar sommarfeststemning utover Giske, er staben framleis for liten.

Fredag skreiv Sunnmørsposten at Sommerfesten manglar 70 frivillige.

Birgitte Furnes og Ina Blindheimsvik

TRENG FOLK: Birgitte Furnes og Ina Blindheimsvik manglar 50.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Det gav resultat.

- Berre i løpet av helga har me fått oppimot 20 personar til, seier Blindheimsvik.

- Viktig å støtte

Ein av dei som jobbar gratis for Sommerfesten er Lars-Ove Håhjem.

- Når nokon får noko til i nærmiljøet, er det viktig å støtte opp om det.

Lars-Ove Håhjem

STILLER: Lars-Ove Håhjem bidrar gjerne når lokale får til noko.

Foto: Heidi Fagna / NRK

- Tar det mykje energi?

- Nei. Og så får ein mykje kjekt igjen når ein møter mange nye menneske.

Halvparten kjem tilbake

Moldejazz nr 50 avslutta i går.

LES OGSÅ: - Moldejazz er fantastisk

Den er i særstilling.

Ståle Skårn

KOORDINATOR: Ståle Skårn seier om lag halvparten kjem tilbake.

Foto: Aina Rødal / NRK

Etter så mange festivalar gir frivilligstaben seg mykje sjølv.

- Kvart år får dei frivillige ein e-post om dei vil verte med eitt år til, og det er det overraskande mange som vil, seier frivilligkoordinator Ståle Skårn i Moldejazz.

Han anslår at om lag halvparten av dei som har vore frivillige kjem igjen.

Manglar øl-seljarar

Vikarkua til sommarfesten

VIKARKUA: På Sommerfesten trår alle til. Det inkluderer denne vikarkua, som ventar på at den store i 8x10 meter skal kome.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Men medan Skårn kan lene seg tilbake og slappe av etter festival, er det framleis full fart på Giske.

Nett no er det avgjerande å finne nokon til å skjenke øl.

- Me treng folk som kan stå i ølteltet laurdag kveld. Hugs at ein kan høyre konsertane derifrå og, seier frivilligansvarleg Birgitte Furnes.