Hopp til innhold

Fryktar storbrann - har ikkje nok vatn eller godt nok utrusta brannvesen

Brannsjefen i Stranda er uroa over brannberedskapen i bygdene i kommunen.

Hellesylt

Mange trehus står tett i tett i sentrum av Hellesylt. Brannsjefen i Stranda kommune er langt frå sikker om brannvesenet vil kunne takle ein storbrann i den vesle bygda.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Steinar Belsby, brannmeister i Stranda

Brannmeister i Stranda, Steinar Belsby, meiner brannkorpset i kommunen ikkje er godt nok utrusta til å møte den auka brannfaren.

Foto: Alf Jørgen Tyssing / NRK

Den siste tida har nabofylka både nord og sør for Stranda kommune blitt ramma av store og øydeleggjande brannar. Brannmeister Steinar Belsby, som har ansvar for brannberedskapen i både Geiranger og Hellesylt, fryktar at kommunen hans også kan bli ramma.

Tørt og mykje vind

–Det ikkje vore vanleg at det oppstår grasbrannar på våre kantar om vinteren. No er det like tørt som det brukar å vere dei verste tidene om sommaren, seier han.

Særleg Geiranger er utsett for mykje austavind og tørrvêr. Brannsjefen er uroleg for vassforsyninga, dersom ein brann skulle oppstå høgt oppe i bygda.

– Vatnet forsvinn og det skapar problem for sløkkeberedskapen. Det har dessutan vore mykje vind som gjer eit slokkearbeid ekstra vanskeleg og farleg, seier han.

Manglar opplæring

Geiranger med Homlung

Ein brann på ein gard som dette - høgt oppe i fjellsida i Geiranger - er kanskje det brannsjefen i Stranda fryktar mest.

Foto: Thorberg, Erik / SCANPIX

Brannkorpset i Stranda tel 42 mann: 12 i Geiranger, 10 på Hellesylt og 20 på Stranda. Alle bygdelag har brannfolk som har gått på kurs, men det er langt frå alle. Berre halvparten av mannskapa har tilstrekkeleg opplæring. No meiner brannsjefen at tida er inne for å gjere noko med det.

– Brannmannskap skal også halde seg til eit lovverk, men mannskapet vårt har ikkje utdanning når det kjem til det gjeldande regelverket, seier brannmeisteren.

– Det er som på alle andre arbeidsplassar, ein skal ha den utdanninga som det vert stilt krav til i regelverket, legg han til.

– Kva gjer du med denne situasjonen?

– Vi har ei sak oppe i kommunestyret der vi kjem til å kaste lys over dette. Målet er at vi kan få meir midlar til kurs og opplæring såpass vi kan halde den standarden vi burde ha, seier Belsby.