Hopp til innhold

Manglar barnehageleiarar

Barnehagane i fylket får ikkje tak i kvalifisert personell. 90 styrarar og pedagogiske leiarar i barnehagar manglar førskulelærar-utdanning.

Illustrasjonsfoto

Illustrasjon

Foto: Ståle Yttrehus

Låg løn og dårlege arbeidsvilkår er forklaringa på at barnehagane manglar pedagogar. Det seier tillitsvald for førskulelærarane i Møre og Romsdal, Reidun Mo.

- Det som skjer no er at det er om å gjere å putte flest muleg ungar inn i barnehagen for å nå målet om full barnehagedekning. Det er knalltøft å jobbe i barnehage for tida. Det slit på både førskulelærarane og dei andre som jobbar der, fortel Mo.

Må gi dispensasjonar

Sju prosent av alle styrarar og pedagogiske leiarar i landet har ikkje godkjent utdanning og får dispensasjon frå utdanningskravet. I Møre og Romsdal vart det i fjor gitt 91 dispensasjonar, mot 75 året før. Barnehagane får ikkje tak i kvalifisert personell og få unge vil utdanne seg til førskulelærar. Dei siste sju åra har søknadene til førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda blitt halvert.

Garantien fell bort

Studieleiar ved førskuleutdanninga i Volda, Gerd Sylvi Steinnes seier at garantien for eit godt barnehagetilbod fell bort utan førskulelærarane

- Førskulelærarane skal vere garantisten for eit kvalitativt godt pedagogisk tilbod. Det handlar ikkje berre om å passe barn, men om opplæring og om å lede andre vaksne. Då treng dei ein spesiell kompetanse.

- Det er vanskeleg for meg å seie om barnehagar utan førskulelærarar er dårlege barnehagar, men dei vil mangle den kompetansen ein førskulelærar sit på.