NRK Meny
Normal

NM-arena i akutt finansieringskrise

Skaret skisenter i Molde er klar for NM og rusta opp for 30 år framover i tid, men det har kosta langt meir enn forventa.

NM i Molde kan komme til å koste mer enn det smaker.

Gode vêrforhold til trass, eit sprengt budsjett skapar utfordringar for arrangørane av ski-NM i Molde.

Audun Nerland

Audun Nerland er løypesjef i Molde og Omegn Idrettsforeining (MOI).

Foto: Erik Hattrem / NRK

– Skaret skisenter er i ei akutt finansieringskrise, seier løypesjef Audun Nerland til Rbnett.no fem veker før ski-NM går av stabelen på Skaret.

– Eg må vere ærleg og seie at eg trur at vi hadde sagt frå oss NM om vi hadde visst det vi veit i dag, seier Nerland til avisa.

– For dyrt å arrangere

For å oppfylle krava til arrangering av NM har Skaret skisenter brukt 13 millionar kroner på anlegget.

Spesielt investeringa i snøproduksjon har vore ein stor utgiftspost. Ifølgje Nerland har dei har lagt røyr frå Skarvatnet, bygd pumpestasjon og kjøpt inn fleire snøkanonar. Med eit komplisert gravearbeid, samt investering i ny transformator og trafokiosk, kom totalsummen over eit nivå langt over det dei hadde forventa.

– Skiforbundet stiller så mange og så dyre krav at det blir altfor dyrt å arrangere NM, meiner han.

Treng hjelp

Snøkanon på Skaret i Molde

Blant anna fire nye snøkanonar gjer at ski-NM vert langt dyrare for Skaret Skisenter enn forventa.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi er nøydde til å ha meir hjelp for å greie dette, seier Nerland.

Håpet er å få midlar frå fylkeskommunen og Molde kommune, samt andre aktørar.

– Det er investert stort i infrastruktur for framtida som gjer Skaret i stand til arrangere fleire store meisterskap. Så det er ei god investering for heile regionen, seier han.

Nerland seier dei allereie har fått mykje draghjelp frå lokale sponsorar, men meir må til.

– Det må vi berre greie å løyse, legg han til.