Manglande drift og vedlikehald

Vegvesenet i Region Midt driftar ikkje skredsikrings- og skredverntiltaka sine godt nok, meiner Vegtilsynet i ei ny tilsynssak. Det kan føre til at sikringstiltaka ikkje verkar som føresett, og kan vere farlege for trafikantane. Undersøkinga som Vegtilsynet har gjort omfattar mellom anna E39 i Ålesund, E136 i Romsdal og riksveg 70 Indre Nordmøre.

Stein på vei ut av steinsprangnett
Foto: Vegtilsynet