Hopp til innhold

Mangel på vaktordning kan koste liv

Hareid kommune har ikkje vaktordning for dei deltidstilsette brannmannskapa. I verste fall kan liv gå tapt sidan det er tilfeldig kor mange som kan rykke ut.

Hareid kommune har ikkje vaktordning for dei deltidstilsette brannmannskapa. I verste fall kan liv gå tapt.

I dette huset på Brandal var det brann med sterk røykutvikling onsdag.

Bjørnar bigset

Bjørnar Bigset er med i deltidsbrannvesenet på Hareid. Han er mellom anna utrykkingsleiar og vart kåra til årets brannmann i Noreg i 2013.

Foto: Arne Flatin / NRK
Olav Helt Brubakk brannsjef i hareid kommune

Olav Helt Brubakk er brannsjef i Hareid kommune.

Foto: Arne Flatin / NRK

Etter ein husbrann med sterk røykutvikling på Hareid er brannmannskapa uroa. Brannvesenet rykte ut med éin røykdykkar, men det er ikkje nok til å kunne berge ut dei som var inne i huset.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har gitt kommunen pålegg om å ordne dette, men kommunen manglar pengar.

– Må ha faste vaktordningar

Heldigvis gjekk det bra denne gongen, men mangel på faste vaktordningar gjer at det er tilfeldig kven som må rykke ut.

– Den meldinga vi fekk på onsdag om brann er kanskje blant dei verste meldingane vi kan få, seier Bjørnar Bigset, som er med i deltidsbrannvesenet på Hareid.

Det vart meldt om brann i hus og to personar inne. Brannvesenet rykte ut med fire mann, og blant dei var berre éin røykdykkar. Bigset, som mellom anna er utrykkingsleiar, seier at i slike tilfelle er det lite dei kan gjere.

– Hadde vi hatt klare ordningar så hadde vi visst at vi hadde fem tilgjengelege på vakt heile tida. Slik det er no så kan vi risikere at vi har berre to som kan rykke ut, seier Bigset.

Har ikkje nok pengar

Hareid kommune har store økonomiske problem og er på den så kalla ROBEK-lista. Å etablere vaktlag vil koste 1,4 millionar kroner.

Brannsjef i kommunen, Olav Helt Brubakk, seier at den økonomiske situasjonen gjer at dei ikkje greier å finansiere dei nødvendige ordningane.

– Vi har ikkje råd før 2017. Det er synd fordi det skulle vore på plass for mange år sidan, seier Brubakk.

Rådmann i kommunen, Bent Arild Grytten, har saman med brannsjefen starta ein gjennomgang etter at DSB hadde tilsyn på brannvernet i kommunen.

– Vi er på god vei

Fram til 2011 har ikkje kommunen hatt tilstrekkelege personressursar. Det vart i etterkant tilsett ein brannsjef i 25 prosent stilling og ein branningeniør.

– Det har vore mykje å ta tak i etter over 10 år utan personressurs. Vi har ikkje
kome i mål, og tilsynet avdekker naturlegvis dette. Brannsjefen meiner at vi er på god vei, skriv rådmannen i eit referat etter møte med Næring og miljøutvalet.

Talet på inbyggjarar auker i Hareid kommune, og det viser at vaktlag må på plass snarast, skriv rådmannen i konklusjonen.