Advokat Tone Nilsen Skålvik.
Foto: Øyvind Johan HeggstadÅse Kristine Jægtvik er tenesteleiar ved skulehelsetenesta i Kristiansund.
Foto: PrivatFylkeslege Christian Bjelke meiner at kommunane må snu om på prioriteringane sine.
Foto: Gunnar Sandvik / NRKTone Nilsen Skålvik var nyleg bistandsadvokaten til ein 18-åring i ei grov overgrepssak i Romsdal tingrett. Ho meiner at helsesøstrene er alfa-omega for å avdekke overgrep av barn og unge.
Ifølgje Helsedirektoratet manglar det 1500 helsesøsterstillingar i Noreg. Skålvik fryktar at ein står i fare for å oversjå overgrep utan nok helsesøstrer.
– Helsesøstrene er spesialutdanna, og dei er flinke til å lytte og fange opp signal frå barna. Dei klarer å skape den nødvendige tilliten som må til for å få vite korleis barna har det, seier Skålvik.
– Skulehelsetenesta held ikkje mål
Å gje det løftet som trengst kan koste oppimot 800 millionar kroner, viser barneombodets fagrapport som vart lagt fram i mars.
– Vi ligg godt under det talet på helsesøstrer vi burde hatt. I mange kommunar har det òg vore lite arbeid rundt førebyggande tenester dei siste åra. Over tid gjer det at vi hamner på etterskot, seier Åse Kristine Jægtvik, tenesteleiar ved skulehelsetenesta i Kristiansund.
Pengane blei brukt andre stader
Nyleg fekk Fræna og Kristiansund krass kritikk av Fylkesmannen for eit sterkt mangelfullt tilbod. Kristiansund kommune har seks færre stillingar i skulehelsetenesta enn dei burde ha.
Dette trass i at kommunen fekk 790 000 kroner frå regjeringa for å styrke helsetilbodet til barn og unge. Men pengane var ikkje øyremerka, og forsvann dermed til andre utgiftspostar. Det frustrerer tenesteleiaren.
– Vi får ikkje gitt det faglege tenestetilbodet vi burde ha gjort. Og særleg kanskje i ein kommune der vi har ein folkehelseprofil som tyder på ein del utfordringar, seier Jægtvik.
– Tar seg ikkje råd til å styrke tilbodet
Fylkeslege i Møre og Romsdal, Christian Bjelke, forstår at det er vanskeleg å prioritere førebyggande helsearbeid i ein trong kommuneøkonomi. Men han seier at kommunane er plikta til å følgje opp tilrådingane frå Helsedirektoratet.
– Eg trur nok kommunane må sjå an prioriteringane ein gong til. I utgangspunktet så var det jo føreslått i Kristiansund å skjere ned ytterlegare på stillingar før det vart oppretta tilsynssak, seier fylkeslegen.
Kristiansund har frist til 1. mai til å kome med ein plan for å betre helsetilbodet for barn og unge.