Hopp til innhold

– Ikkje mogleg at alle får barnehageplass

Mangel på barnehageplassar byr på utfordringar både for foreldre og arbeidsgjevarar. For mange er dagmamma løysinga.

Barn

Illustrasjonsbilete: Både Molde, Ålesund og Kristiansund står ovafor ei kjempeutfordring når det gjeld å få barnehageplass til alle.

Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix

Ingrid Helen Klokk

Ingrid Helen Klokk fekk ikkje barnehageplass til dottera, og brukar difor dagmamma.

Foto: Privat

Alle dei tre største byane i fylket har problem med å finne plass til alle som ønskjer det. I Kristiansund står femti barn i kø. Ein av dei er dottera til lærar Ingrid Helen Klokk.

– Eg hadde i utgangspunktet søkt ulønt permisjon fram til hausten fordi vi ikkje fekk barnehageplass til dottera vår. Men så ringde arbeidsgjevaren min å lurte på om eg kunne kome tilbake til jobb tidlegare, seier Klokk.

I Kristiansund står 50 barn i kø, og i Molde ventar 90 barn på plass. I Ålesund blir tala klare når søknadsfristen går ut 1. mars.

Har ikkje lovfesta rett

Ho måtte då kike etter barnepass andre stader. Barn som blir fødd før 1. september har lovfesta rett til barnehageplass. Barn som blir født 1. september eller seinare er ikkje sikra plass neste år. Klokk si dotter var ikkje fylt eitt år i august i fjor, og difor må ho vente på opptak til årets plassar.

– Mannen min jobbar turnus på båt, og i dei periodane han er heime så går kabalen opp. Men utfordringa er når han er på sjøen. Då er dottera vår hjå ei venninne av meg som er i barselpermisjon, seier Klokk.

Klokk og mannen hennar har løyst situasjonen med å ha dottera med dagmamma og i tillegg har arbeidsgjevaren gitt rom for litt fleksible arbeidstider.

– Eg har ein fridag i veka når mannen min er vekke og det hjelper på.

– Dessverre ikkje plass til alle

Mariann Wiig, sørviskonsulent i Kristiansund kommune, seier at slik som situasjonen er no så er det ikkje mogeleg å gi alle plass.

Susanne Herre, som jobbar i Aker Solutions i Kristiansund, brukar mykje tid på å køyre eittåringen til dagmamma.

– Dagmammaen bur på Frei, og det er vanskeleg for meg utan førarkort å få henta han. Så difor brukar vi mykje tid på henting når eg må ta bussen, seier Herre.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL