Fungerande ordførar Geir Stenseth heldt tale ved foten av fjellet.
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRKMange hadde møtt tidleg opp og fekk med seg både korsong og talar i Byparken før dei første kunne starte vandringa opp mot toppen av byfjellet. Tidlegare har det vore diskusjone mellom anna om den kvite fargen på det nyrestaurerte landemerket, men i dag var det berre godord å høyre frå dei frammøtte.
Ikkje minst skapte det nyetablerte utsiktspunktet «Byrampen» begeistring hos mange. Punktet ligg midt i fjellsida med panoramautsikt over jugendbyen og Sunnmørsalpane.
Det blåste friskt, men mange tok likevel turen opp til «Byrampen».
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK– Kjempeflott og artig namn, var blant kommentarane blant dei mange forbipasserande.
- Les også:
– Ekstra stas i dag!
Eivind Strand og Leon Bjørge var to av mange som hadde tatt turen oppover.
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRKNiåringane Eivind Strand og Leon Bjørge hadde tatt turen til byen.
– Det er veldig fint å gå her, og veldig gøy, seier dei.
Begge har gått trappene mange gongar før, men syns det var veldig stas å vere med i dag.
– Veit de kor mange trappetrinn det er her da?
– Nei, det veit eg ikkje, men det er sikkert mange.
Og det har dei rett i - alle dei 418 trinna er restuarert og sett tilbake i stand.
– Ein flott dag!
Ein stolt ordførar kunne smile godt på toppen.
Geir Stenseth var godt fornøgd.
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRKKø for kaker og kaffi
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK– Dette har vore ein flott dag, det blei litt regn ei lita stund, men det er berre fordi vi skal spare litt på godveret til i morgon.
På toppen vanka det kaker og kaffi for dei mange frammøtte.
Sjølve opninga foregjekk på utsiktspunktet, og det var mange som ikkje fekk det med seg. Det er ordføraren ikkje så uroa for.
– Ja, det var nesten ikkje råd når det var så mange, men det viktigste var jo at folk fekk sett trappene. Og det trur eg dei var veldig fornøgde med.