Paul Hellandsvik (Foto: Gunnar Sandvik)
Hellandsvik seier han i utgangspunktet ser på tilboda som venlege handlingar, men etter kvart veldig lett å takke nei til.
– Fordi eg ser at dette kan skape ugreie i forhold til den habiliteten vi er nøydd til å ivareta.
Restriktiv
Sjølv er Paul Hellandsvik tilboden både bilettar til champions league-kampar, konsertar med kjende artistar, vinsmakingskurs, laksefiske i dei beste elvane i Noreg og jaktturar. Fordi det ikkje skal stillast spørsmål ved habiliteten, har han lagt seg på ei svært restriktiv line, seier han.
Store budsjett
Kvar enkelt direktør styrer budsjett på frå fleire hundre millionar til fleire milliardar kroner. Dermed vil mange private aktørar og leverandørar gjerne påverke dei.
No ber han alle sine direktørar og leiarar om å vise den same varsemda når dei får tilbod om varer eller tenester frå forretningskontakter, for det gjer dei i stor grad.