Hopp til innhold

Mange ulovlege etterlikningar

Ein tredel av verksemdene i Møre og Romsdal har opplevd at produkta deira blir kopierte, viser ei undersøking som Patentstyret har gjennomført.

 

Barnestolen Tripp Trapp
Foto: Egon Gade

Undersøkinga viser at både produksjonsteknikkar, design, namn og logoar blir etterlikna og kopierte.

Ei bedrift som særleg har fått merke kva produktkopiering inneber, er Stokke AS i Skodje. Tripp Trapp-stolen deira er kopiert verda over.

Tusen etterlikningar

Sidan 1973 har Stokke selt over 5 millionar av Peter Opsviks barnestol Tripp Trapp. Stokke har brukt mange millionar kroner på å beskytte Tripp Trapp-stolen. Over tusen gonger har bedrifta handert saker som har med kopiering å gjere, fortel juridisk direktør Herleif Ulstein.

- Ikkje alle har gått til domstolane, men vi har vel om lag 100 saker gåande. Vi har etablert eit nettverk av ca. 40 advokatar rundt om i verda som meir eller mindre dagleg tar seg av slike saker for oss, seier Ulstein og legg til:

- I Møre og Romsdal har vi kanskje meir enn andre stader ein tendens til at vi skal vere kreative og jobbe med ideane våre, og straks vi har eit nytt produkt, skal vi ut og selje det. Vi gløymer gjerne å gå ei ekstra runde og søkje hjelp for å beskytte produkta våre.

Patent er eit viktig vern

 

Tove Berg
Foto: Patentstyret

- Utan patent står ein makteslaus i kampen mot kopiar og etterlikningar, seier avdelingsdirektør Tove Berg i Patentstyret. - Har ein først fått patentrettar, kan ein også dokumentere at ein eig eit stykke teknologi, ein design eller eit varemerke. Då har ein også bevis i ei eventuell rettssak.

- Har ein lansert eit produkt som gjer lykke, er ofte etterliknarane på pletten med ein gong. Og for forbrukarane er det freistande å kjøpe eit kopiprodukt som kanskje berre kostar ein brøkdel av prisen på det ekte produktet, seier Tove Berg.

I neste veke skal Patentstyret halde eit seminar om dette emnet på Fylkeshuset.