Hopp til innhold

Mange sunnmøringar vil ha hytte på Bjorli

Det er mange som drøymer om å eige ei av dei 1200 hyttene på Bjorli i Oppland. Berre sist helg hadde ein av eigedomsmeklarane seks visingar med folk i kø.

Kjetil Marstein i Krogsveen

Meklar Kjetil Marstein i Krogsveen sprang frå vising til vising på Bjorli i helga. Og det hadde effekt. Ei av hyttene blei selt for 3,1 millionar, 300 000 kroner over takst.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Medan snøen regnar langs kysten, er det mange som no snur snuten innover mot utfartsstader der det tradisjonelt er meir snø. På Bjorli i Lesja kommune i Oppland er det no om lag 1200 hytter, og fleire ønskjer å bli eigarar av den neste ledige.

Portrett Noralf Ommedal

Noralf Ommedal frå Sogn og Fjordane var også på Bjorli sist helg og såg på fleire hytter. Han lengtar etter meir snø.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Her er nok meir snøsikkert her, det står mellom dette og Stryn, seier Norald Ommedal, opphavleg frå frå Sogn og Fjordane, som sist helg var på vising i den vesle turistbygda.

Har levert mange nøklar

Det har blitt ein del visingar i det siste. For det er ikkje berre Ommedal som ønskjer seg hytte på Bjorli. Berre sist helg hadde meklar Kjetil Marstein i Krogsveen seks visingar.

Portrett Kjetil Marstein

Meklar Kjetil Marstein i Krogsveen seier dei har selt over 100 hytter og leilegheiter på Bjorli berre sidan nyttår i fjor.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Han opplyser at Krogsveen har ein stor del av marknaden, og har selt 49 hytter og leilegheiter på Bjorli sidan nyttår i fjor. Det er meir enn nokon gong før.

I dette ligg sal av 12 av dei 22 leilegheitene som blei lagt ut på Bjorligard Hotel for to veker sidan.

– Det blir ein del turar i løpet av eit år, seier ein fornøgd meklar. Han seier dei fleste som leitar etter hytte vil ha god standard med tre soverom og eitt eller to bad.

– Møringar i dei fleste hyttene

Portrett Magnar Velure

Dagleg leiar Magnar Velure i Bjorli Skiskole og skiutleie stadfestar at det størst sett er møringar i hyttene på Bjorli.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Ifølgje Magnar Velure, som er dagleg leiar i Bjorli Skiskole og skiutleie er det folk frå nabofylket Møre og Romsdal som eig dei fleste hyttene i kommunen.

– Dei fleste hyttene her oppe er jo eigd av møringar, primært sunnmøringar og litt nordmøringar, seier Magnar Velure, som er dagleg leiar i Bjorli Skiskole og skiutleie.

Portrett Gunnar Sperre

Gunnar Sperre frå Ålesund var ein av dei som var på vising i helga, og han likte det han såg.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Vi er ålesundarar, veit du. Då er det Bjorli vi trekkjer til, snørikt og flotte forhold, og denne var så fin at eg definitivt vil henge på ein bodrunde, seier Gunnar Sperre, som også var på vising sist helg.

Krogsveen har i etterkant av at denne artikkelen blei publisert, korrigert talet på selde hytter og leiligheiter på Bjorli. Avdelingsleiar Espen Skarbø skriv i ein epost at dei beklagar at det først blei gitt feil tal.