Hopp til innhold

Rekordmange studentar i studentbustadkø

Studiestart står for døra og stadig fleire studentar slit med å finne bustader. Norske studentskipnadar kan melde om rekordstore ventelister.

Bolig

BUSTADMANGEL: Norske studentskipnadar kan melde om rekordstore ventelister. For logistikkstudent Mathias Steigan Hansen i Molde har det vore svært vanskeleg å finne ein studentbustad.

Foto: Magnus Peter Harnes / NRK

– Eg hadde trudd at det var lettare å få seg bustad i Molde enn i dei større byane, men bustadmarknaden er heilt sprengt, seier logistikkstudent Mathias Steigan Hansen.

Han er ein av fleire nye studentar som denne hausten har fått merke den pressa bustadmarknaden i Molde.

Samanlikna med august i fjor har køen for å få studentbustad på Nordmøre og i Romsdal meir enn femdobla seg, frå 40 til 210 studentar.

På landsbasis er det nå 15.600 bostadslause studentar, ei auke på over tusen frå i fjor.

Hotell einaste løysing

hansen

LEITING: Mathias Steigan Hansen har leita etter bustad i om lag to veker.

Foto: Magnus Peter Harnes / NRK

Hansen kom til Molde for om lag to veker sidan for å starte på forkurs, og oppdaga raskt att det skulle bli vanskeleg å finne seg bustad.

Mange telefonar og fleire visingar seinare, står han framleis utan permanent buplass. Løysinga blei hotell.

– Planen var å bu på hotell ei natt eller to. Å bu på hotell i lengre periodar er ikkje ideelt for ein student, det er svært dyrt.

For han har det vore stressande å måtte kombinere studiestart med bustadjakt.

– Det går utover konsentrasjonen. Eg sit på skulen å prøver å følgje med, men tenker heile tida på at eg ikkje har ein plass å bu, seier Hansen.

– I tillegg går det bort mykje tid i å gå på visingar, noko som går utover tida til skulearbeid. Så eg håper det løysar seg snart, held han fram.

Merkbar pågang

Bustadsjef Venke Hovde ved Studentsamskipnaden i Molde har merka ein tydeleg pågang frå studentar.

hovde

PÅGANG: Venke Hovde ved Studentsamskipnaden i Molde har merka ein tydeleg pågang frå studentar.

Foto: Magnus Peter Harnes / NRK

– Vi prøvar å hjelpe studentane så godt vi kan, det er fleire som er innom kvar dag i håp om å finne ein bustad, seier Hovde.

Om lag 200 studentar står på ventelista til Studentsamskipnaden i Molde. Hovde trur likevel at det reelle talet er mindre.

– Eit av problema er at studentar ikkje seier frå seg plassen på venteliste dersom dei vel ein annen skole eller privatmarknaden. Det gjer det vanskeleg å vite kor mange som faktisk treng ein plass å bu, seier ho.

– Då må vi ofte bruke mykje tid på å ringe studentar som står på ventelista, held ho fram.

Likevel trur ho at alle studentane får tak over hovudet til studiestart.

– Det brukar som regel å ordne seg ut over hausten, seier Hovde.

Halvert med nytt køsystem

Studentsamskipnaden for Sunnmøre har derimot hatt ei positiv utvikling, ved hjelp av eit nytt køsystem. Der er køane nesten halvert frå året før.

– Hos oss står studentane på venteliste i 65 dagar, og når utløpsfristen nærmar seg kan dei gå inn igjen å fornye plassen sin med 30 dagar, seier eigedomssjef i Studentsamskipnaden på Sunnmøre, Rune Ertesvåg.

Dei har merka ei tydeleg endring på ventelistene.

– På den måten er ventelistene meir oppdaterte og reelle. Vi får eit betre oversikt over kor mange som faktisk står utan bustad, seier han.

Hovde trur også de må endre køsystem det kommande året.

Privatmarknaden

For studenten i Molde er eit tomt privatmarknad einaste utveg.

– Eg saknar eit mellombels tilbod til alle oss som står utan bustad. Eg kan ikkje bu på hotell for alltid, seier han.

– Hadde det ikkje vore for oppsparte midlar og hjelp frå foreldra mine så kunne eg aldri ha budd her, held han fram.

No har han alliert seg med to medstudentar for å forhåpentlegvis stille sterkare på bustadmarknaden.

– Det er umogleg å få seg ein hybel, men det ligg nokre leilegheiter ute. Dei er ofte dyrare, men dersom vi er fleire går det kanskje, seier ein framleis optimistisk
Mathias Steigan Hansen.