Hopp til innhold

UP på offensiven i påska

Politiet er skuffa over mange fartssyndarar på vegane onsdag. Fleire patruljer var ute for å overvake påsketrafikken i fylket, blant anna på Verma i Romsdalen. UP på offensiven i påska

Politiet er skuffa over mange fartssyndere på vegene i dag. Flere patruljer er ute for å overvåke påsketrafikken i fylket, blant annet på Verma i Romsdalen.

SJÅ VIDEOEN: Politiet førebur seg på ei påske med mykje trafikk.

Onsdag før skjærtorsdag og andre påskedag har tradisjonelt vore dei store utfartsdagane i påska, og dagar der bilistane må vere førebudd på mykje trafikk på vegane. Men er du på reisefot i påska må du også rekne med å treffe på Utrykningspolitiet (UP).

Onsdag hadde UP i Møre og Romsdal tatt turen til Verma i Romsdalen for å overvake påsketrafikken inn og ut av fylket.

– Vi prioriterer å følgje med på hovudvegane inn og ut av fylket, og på den korte tida vi har stått her har det allereie vore fleire som har hatt ei fart i nærleiken av førarkortbeslag, seier Jarle Opsal, politioverbetjent i Sunnmøre politidistrikt.

– Typisk påsketrafikk

I åttetida onsdag kveld kunne politiet opplyse at dei hadde skrive ut totalt 32 forenkla førelegg for fart og to for mobilbruk. I tillegg fekk ein person beslaglagt førarkortet for å ha køyrd 90 i ei 60 sone. Politiet vil halde fram med kontrollar fram mot midnatt onsdag.

Opsal fortel at trafikken onsdag er typisk påsketrafikk.

– Det er no trafikken byrjar å ta seg opp. Det er mange som skal til og frå hytta, og dessverre har fleire av desse det alt for travelt, seier han.

Up har tidlegare gått ut og sagt at dei kjem til å vere på offensiven i påska, og at dei vil følgje trafikken nært.

Følgjer nøye med

Utrykkingspolitiet (UP) vil i utgangspunktet fokusere på å overvake hovudvegane frå byane og opp til fjellet eller ut til kysten.

– Vi er meir på feriedestinasjonane og rundt påskeområda og utfartsområda til fjells, enn normalt. Elles har vi den same merksemda på køyreåtferden som vi har elles i året, seier UP-sjef Runar Karlsen til NRK.

UP sine kontrollar i påska vil spesielt sette fingeren på fart, rus, bruk av bilbelte og farleg åtferd. Karlsen fortel at dei følger med på vegane og er synlege slik at folk skal sjå at politiet er der dersom dei vurderer å gjere trafikklovbrot.

– Bodskapen til påsketrafikantane er å vise omsyn, unngå farlege forbikøyringar og halde fartsgrensene, samt å vere rusfri, oppfordrar UP-sjefen.