NRK Meny
Normal

Mange søppelbål i kveld

110-sentralen som tar seg av alle brannmeldingane her i fylket, sukkar i kveld over at mange brenn miljøfarleg søppel på jonsokbåla.

Sankthansbål

Mange brenn søppel i jonsokbåla sine, og det likar verken politi eller brannvesen.

Foto: Stig Morten Waage / NRK

Sunnmøringane er verst i brenning av søppel når dei skal kose seg med bålbrenning på Midtsommar-kvelden, erfarer 100-sentralen.

Dei har oversikt over heile Møre og Romsdal, og er ikkje i tvil om kven som brenn flest bål med ulovleg innhald. Nordover i fylket oppfører bålbrennarar seg betre, blir det slått fast så langt i kveld.

Naboar varslar

– Vi har stor pågang på telefonen om bål som brenn med sota, svart røyk, og spesielt ille er det på Sunnmøre, seier brannmeister på 100-sentralen Aage Henriksen til NRK.

110-sentralen i Ålesund

Til 110-sentralen i Ålesund kjem alle brannmeldingar får heile fylket. I kveld omhandlar mange telefonar bålbrenneing av farleg søppel.

Foto: Arkiv

Både politiet og 110-sentralen har fått mange telefonar frå naboar som klagar på illeluktande bål og svart røyk, seier Henriksen, og nemner fleire bål i Ålesund, i Sula og Ørsta som er av det slaget brannvesenet ikkje likar ut frå miljøomsyn.

Syndar trass forståing

Det er rett og slett ulovleg å brenne miljøfarleg avfall på jonsokbålet, og i ettermiddag blei mellom anna ei planlagt bålbrenning i Molde stansa, fordi det låg fjøler med måling på bålet.

– Vi forstår ikkje kvifor folk hiv all sals søppel på jonsokbålet, for når vi eller politiet kontaktar dei om søppelbåla, forstår dei straks at dette ikkje var bra. Så folk er opplyste om reglane som gjeld, men prøver seg likevel, slår Henriksen fast.

Bålvett

Bålkos krev også bålvett, seier dei som skal passe på at alt går rett føre seg.

Foto: Kim Nystøl/NRK

– Kan det vere at sunnmøringane vil spare pengar på å brenne søppel i same slengen som jonsokbålet for å unngå å betale renovasjonsselskapa for spesialavfall?

– Hmm, nei eg tvilar no på det. I alle fall ikkje i Ålesund for der kan du levere gratis avfall av dette slaget opp til ein viss sum, parerer Aage Henriksen.

Både han og politiet er glad for at det så langt i kveld ikkje er meldt om alvorlege hendingar med brann ute av kontroll eller andre episodar, så langt i kveld.