Hopp til innhold

Mange skal ha fjellferie – blir råda til å velje tur etter evne

Ferierande nordmenn strøymer til fjellheimen i sommar. Redningsetatane ber folk velje tur etter evne, og lytte til råd for å unngå for mange redningsaksjonar.

Morten Bremnes og Stella Rasmussen på Via Ferrata.

KREVJANDE: Morten Bremnes og Stella Rasmussen på Romsdalsstigen Via Ferrata. Dei hadde booka guide for turen fordi den hadde blitt for krevjande å gå åleine.

Foto: Mats Mikalsen

I Åndalsnes, tindehovudstaden som dei likar å kalle seg, er det alt eit yrande liv.

Folk frå heile landet kjem for å boltre seg i dei vakre, men ville Romsdalsfjella. Både den krevjande Romsdalsstien Via Ferrata og den enklare Rampestreken er alt godt besøkt.

– Vi har vore veldig spente på korleis dette skulle gå på grunn av korona. Men no har vi alt 200 prosent auke i førehandsbestillingane på aktivitetane våre, samanlikna med i fjor. Eg må klype meg i armen, seier dagleg leiar ved Norsk Tindesenter, Ivar Brennhovd.

Ivar Brennhovd, dagleg leiar Tindesenteret

Ivar Brennhovd er dagleg leiar ved Norsk Tindesenter.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Noregsferie

Studentparet Stella Rasmussen og Morten Bremnes er to av mange som avlyste utanlandsferien, og satsa på ferie i Noreg i år.

– Vi hadde tenkt å reise til Italia, men på grunn av korona har vi no leigd bil, og skal reise rundt i Noreg i to månader, fortel Stella Rasmussen.

Stella Rasmussen, via ferrata, Tindesenteret.

Stella Rasmussen får informasjon av guide Mats Mikalsen på Norsk Tindesenter i Rauma.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Ein av aktivitetane på turen er den krevjande Vestveggen-ruta på Romsdalsstigen Via Ferrata. Dei to var ikkje i tvil om at dei måtte ha guide med på turen.

– Vi hadde lyst på ei utfordring, men samtidig vil vi vere trygge, seier Rasmussen.

Morten Bremnes trur mange vil gjere som dei denne sommaren.

– Så det kan jo hende at det blir ein del uerfarne folk som prøver seg i fjellet, men eg håper det skjer minst mogleg ulykker, seier han.

Morten Bremnes og Stella Rasmussen

Morten Bremnes og Stella Rasmussen klare for ei utfordring – med guide.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Er budde

Berre nokre dagar før, var det tre personar som fekk hjelp av luftambulansen med å komme seg ned frå fjellet i Rauma.

Dagleg leiar Ivar Brennhovd ved Norsk Tindesenter seier dei førebur seg på at det kan bli ein del redningsoppdrag i sommar.

– Vi ser dessverre alt at det har vore mange redningsaksjonar i år. Mitt råd er at folk må koste på seg guide i alle fall på første turen. Då blir dei lært opp, og har ein trygg, fin tur med folk som er lokalkjende, seier Brennhovd.

Emilie Toska fotograferer Marita Haugland på Rampestreken

Emilie Toska fotograferer Marita Haugland på Rampestreken på Åndalsnes. Dei to venninnene frå Sola har vore på fjellferie i Midt-Noreg, men er klare på at dei ikkje legg ut på tur over evne.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Og han får støtte frå forskinga i at det kan vere lurt å snakke med lokalkjende fjellfolk.

Eivind Brendehaug er forskar ved Vestlandsforsking. Forskinga deira viser at personlege råd fungerer mykje betre enn skilting for å unngå redningsaksjonar. Det kan til dømes vere vakter som står på parkeringsplassen eller ute i stien ved populære turmål.

Eivind Brendehaug

Eivind Brendehaug er forskar ved Vestlandsforsking.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Gjennom dialog kan desse vaktene danne seg eit inntrykk av turgåaren, gi informasjon om kva som krevst og gi personleg tilpassa råd. Dersom han ikkje har føresetnad for å gå turen, kan dei gi beskjed om at dette blir for krevjande. Men ein kan ikkje nekte folk å gå, det er jo fri ferdsel i utmark. Ein bør jo likevel høyre på dei råda erfarne fjellfolk gir, seier han.

– Lær noko nytt

Dan Halvorsen er redningsteknisk rådgjevar i Luftambulansetenesta HF. Han har lang erfaring i fjellredning, og vil råde folk til å lære seg noko nytt i sommar.

– Kanskje er dette sommaren der du både skal oppleve noko, og lære deg noko. Skal du på sjø eller elv, ta gjerne eit kajakk-kurs, skal du til høgfjellet, leig gjerne ein kvalifisert guide og ta eit bre- eller klatrekurs, seier han.

Dan Halvorsen

Dan Halvorsen er redningsteknisk rådgjevar i Luftambulansetenesta HF.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

Han synest det er positivt at folk kjem seg ut i naturen, men trur det er viktig å friske opp dei gamle råda med å gå tur etter evne, sjekke vêrmelding, skaffe seg litt kunnskap om førstehjelp, og ha ein beredskapsplan om noko skulle skje.

– Vi kan ikkje alltid regne med at det berre er å ringe ein nødtelefon, og så kjem hjelpa etter eit par minutt. Ved å legge ein god turplan, kan ein gjere turen sikrare. Då må ein stille seg sjølv litt kritiske spørsmål: kor mykje erfaring og kompetanse ein har og kva tur ein skal gå på, seier han.

Men han er opptatt av å få fram at alle kan ha uhell, uansett kor godt førebudde ein er.

– Då er det viktig at ein varslar raskt. Husk at det er betre å varsle tidleg og ein gang for mykje, enn å varsle seint. Du får også gode råd om kva som bør gjerast når du varslar, seier han.

Romsdalsfjella

Romsdalsfjella er ville og vakre, men du skal vite kva du gjer når du legg ut på tur her.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Positivt å kome seg ut

Men trass alt meiner alle at det er positivt at nordmenn planlegg ein aktiv ferie ute i naturen. Det blir totalt sett mindre belastning på helsevesenet når folk held seg i form.

Kjetil Leknes er redningsmann og leiar for operativ trening i Norsk Luftambulanse. Han meiner det er viktig å velje tur etter evne og form, og ha med nok kle og eigna utstyr.

– Tendensen er meir og meir joggesko. Vi ser stadig fleire småskadar fordi folk trakkar over når dei går i fjellheimen med joggesko.

Redningsmann Kjetil Leknes

Kjetil Leknes er redningsmann i Norsk Luftambulanse.

Foto: Privat

Han rår også folk til å ha med eit liggeunderlag, fjellduk og sportstape. Dersom uhellet først er ute, er det også viktig at folk ber om hjelp, og Leknes meiner vi gjer lurt i å laste ned appen Hjelp 113.

– Dersom folk bruker den når dei treng hjelp, sparer vi verdifull tid, fordi appen automatisk sender melding om kvar du er når du ringer naudnummeret, seier han.