NRK Meny
Normal

No må du passe deg for hoggormen

Mange har observert hoggorm dei siste vekene. I følgje naturekspert Alv Ottar Folkestad er ikkje dette uvanleg i periodar med gode solforhold.

Hoggorm i aksjon på Mosvarden på grensa mellom Hareid og Ulstein no i juni.

Hoggorm i full fart på Mosvarden på Hareidlandet no i mai. Video/foto: ARNE FLATIN

Hoggormobservasjonane har vore mange og vorte delte på sosiale media den siste tida.

Ranveig Slagnes frå Ulstein møtte på fleire ormar då ho skulle gå frå Garshol til Hasundhornet for ei tid tilbake.

Skjermdump om hoggorm

Ranveig Slagnes la ut denne posten på Facebook tidlegare i vår.

Foto: Ranveig Slagnes

– Møtte tre hoggorm på turen, så anbefaler ikkje folk å gå i joggesko, skreiv ho.

Anna Laila Olsen såg orm i Vikemarka i Ulsteinvik ikkje langt frå der ho bur. Det var berre for nokre dagar sidan.

– Trefte på denne her, ja. Skal vere forsiktig, kommenter ho.

Hoggorm- skjermdump

Anna Laila Olsen såg denne ormen for ikkje mange dagar sidan.

Foto: Anna Laila Olsen

Les også:

Ikkje meir orm no enn før

Naturekspert Alv Ottar Folkestad seier det ikkje er noko som indikerer at det er særleg mykje orm i år.

– Dette har med ver og varme å gjere, seier han.

Det som kan spele inn på bestanden er til dømes lange periodar med berrfrost om vinteren. Når ormen legg seg i dvale er han så langt ned mot "null" som han kan vere, men treng likevel litt varme. Tele som går nedover i bakken kan difor vere uheldig for ormen. Det same kan det vere om det er kaldt om sommaren.

Alv Ottar Folkestad

Naturekspert Alv Ottar Folkestad trur ikkje det er spesielt mykje hoggorm i år.

Foto: Arne Flatin / NRK

Likar seg i sola

Folkestad har ikkje sett orm sjølv så langt i år, men for dei som går regelmessig i fjellet i solsider er det ikkje unaturleg at ein ser hoggorm. Ormen brukar solvarmingsområda og kan gjerne gå heilt opp på fjelltoppane for å få sol.

Folkestad har inntrykk av at attgroing kan vere ei årsak til at hoggormen trekker høgare opp no enn før. Før såg han stadig vekk orm rundt huset på Eiksund der han bur, men no er det ikkje så ofte at han gjer det.

– Så lenge ormen er avhengig av solopne område vil han trekke ut av tett vegetasjon. Det at arealet har endra seg over tid kan vere ein grunn til at ormen trekker høgare opp no, seier han.

Hoggorm trivst i sola

Hoggormen trivst i vårsola og viser seg gjerne tidleg på våren om forholda ligg til rette for det. Video/foto: ARNE FLATIN