Hopp til innhold

Mange såg eldkula - flest høyrde drønnet

Det strøymer inn observasjonar frå folk som har sett, og ikkje minst har høyrt, eldkula som feia over Noreg sist søndag. Alt tyder på at det var ein meteoritt som skaka opp folk.

Ildkule

Dette er truleg bilete av eldkula som blei observert over store deler av landet sist søndag.

Foto: Norsk meteorittnettverk

Ein av dei som var ute søndag i 14-tida søndag var Steffen Ove Voldsund i Herøy. Han var utanfor huset sitt på Voldsund på Leinøya. Like bak huset hans er det majestetiske fjellet Leinehornet. Brått viste det seg eit lys, ei eldkule, som kom feiande over fjellet.

Steffen Voldsund

Steffen Voldsund er ofte ute og fotograferer.

Foto: Steffen Voldsund

– Eg sto ute i snøen og heldt på og fotograferte. Men eg måtte opp på baksida av huset der ungane heldt på og leika seg. Då kom eldkula over fjellet, fortel Voldsund til NRK.

– Eit gigantisk stjerneskot

Han hadde teke fleire bilete like før eldkula kom. Akkurat då det som truleg var ein meteor feia over himmelen hadde han lagt frå seg kamera. Og det heile gjekk svært fort.

– Det var som eit gigantisk stjerneskot med partiklar som spreidde seg utover. Og det var veldig dumt at eg ikkje fekk teke bilete av det. Men eg kan nesten ikkje forvente det, seier Voldsund.

Frå heile Sør-Noreg

Observasjonane strøymer no inn frå store deler av landet. Janicke Lundhaug fortel til Norsk Meteornettverk at ho såg eldkula på Dokka Nordre Land, om lag klokka 13.50 søndag. Ho omtalar eldkula som svært godt synleg på ein klar, blå vinterhimmel.

Leik i snøen

Steffen Voldsund fotograferte i hagen like før eldkula suste over hovudet hans. Men eldkula rakk han ikkje å få på brikka.

Foto: Steffen Voldsund

Elles har det kome observasjonar frå Jeløya i Østfold, fleire stader i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag. Særleg tett har observasjonane frå Møre og Romsdal vore. Tysdag formiddag har det kome 120 kommentarar om saka på Facebooksida til NRK Møre og Romsdal.

Mange såg eldkula

Sjølv om dei fleste observasjonane handlar om lyd, er det også nokre som fekk sjå eldkula. Her er eit lite knippe observasjonar:

– Vi såg ei nydeleg, blå kule med eld rundt som passerte Åheim klokka 13.48. Den var like stor som ein naudrakett, men isblå på farge, skriv Lilli Ann Bakkebø.

– Eg såg to eldkuler som eg trudde var stjerneskot i retning nord i Ulsteinvik. Smellen kom 2-4 minutt etterpå, skriv Gunn-Lise Voldsund.

– Tre jenter kom mot meg på ski på Bjorli og snakka opprømt om å ha sett eit stjernerap på himmelen. Dei syntest det var uvanleg på høglys dag, skriv Lovise Amdam.

– Observerte lyskule som eksploderte og høyrde smell 2-3 minutt etterpå på skitur i Brøstdalen på Bjorli i 14-tida, skriv Kristin Smådal Hide. Tone Flisnes skriv at ho observerte det same i «Lilla-løypa» på Bjorli.

Ein drønnande lyd

Men dei aller fleste observasjonane handlar om ein drønnande lyd. Nokre meiner det måtte vere eit fly som braut lydmuren. Nokre set lydane i samanheng med den spente internasjonale situasjonen mellom aust og vest, og amerikanske soldatar på veg til Stjørdal. Andre lurer på om det kunne ha vore snøskred eller ein eksplosjon.

Men lydbølgjene nådde ikkje fram til alle. Heller ikkje til alle som faktisk såg eldkula.

– Mange høyrde ein smell. Det gjorde ikkje eg, seier Steffen Voldsund. Eldkula føltes veldig nær. Ho kom på skrå over Leinehornet og forsvann over Remøybrua. Eg syntest det var veldig spennande. Men det var berre så dumt at eg ikkje fekk teke bilete, seier fotografen.