NRK Meny
Normal

Mange på «heimeferie» i sommar

Godt vêr har fått mange til å ta ei overnatting eller to ekstra, og mange nordmenn ønskjer å feriere i heimlandet.

Godt vêr har fått mange til å ta ei overnatting eller to ekstra, og mange nordmenn ønskjer å feriere i heimlandet.

SJÅ TV-REPORTASJEN: Sambuarparet Kjell Prestmo og Solveig Sivertsen er i noregseliten når det gjeld feriering i heimlandet.

Terje Nakken på Kviltorp Camping

Styrar Terje Nakken på Kviltorp Camping i Molde takkar vêret for den rekordgode sesongen.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Ved Kviltorp Camping i Molde er det mange norske turistar. Det er vogner, bubilar, hytter og telt. Campingsjef Terje Nakken seier det knallgode vêret har ført til ein rekordsommar.

– Dette har vore vår beste sesong sidan vi starta opp for 60 år sidan, seier han og trur det har ein samanheng med det usedvanleg fine vêret vi har hatt i sommar.

– Blir det ein nedtur til neste år?

– Når vi har først fått ein så god sommar, så viser historia at vi får tre, fire slike somrar på rad. Neste år så trur eg vi får ein tilsvarande sesong, seier campingsjefen optimistisk.

Sjå meir i TV-reportasjen ovanfor.