Hopp til innhold

– Målet er at fleire får oppleve denne magien

Turgåing til fots eller på ski er på topp blant aktivitetane nordmenn vil gjere meir av i 2020. Dette er ikkje overraskande, meiner organisasjonen Norsk Friluftsliv.

På veg til Hostadhornet, Hareid

PÅ TUR: Anne Rudsengen og hunden til Arnt Flatmo, Karma, på veg mot Holstadhornet på Hareid, Sunnmøre.

Foto: Arnt Flatmo

– Å gå på tur er lågterskel, gratis, og gir så mykje utover det at ein kjem i form, så det er ikkje rart at turgåing toppar lista, seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv, fellesorganisasjonen for 17 norske friluftslivsorganisasjonar.

– Får ned pulsen

Undersøkinga som er gjort av Ipsos for Norsk Friluftsliv, viser at 65 prosent av oss ønsker å bli meir aktive i det nye året.

Heile 63 prosent av desse vil gå meir turar til fots eller på ski. Til samanlikning vil 36 prosent trene meir på treningssenter.

Sjå alle tala her.

Lasse Heimdal

Generalsekretær Lasse Heimdal i Norsk Friluftsliv.

Foto: Norsk Friluftsliv

Lasse Heimdal håper fleire oppdagar friluftslivet i det nye året, ikkje minst fordi han meiner det vil gjere underverk for den psykiske folkehelsa i tillegg til den fysiske. Han håper også at folk vil gå fleire rolege turar.

– Vi treng ikkje meir fart, vi treng å få ned pulsen og få med oss lydar og lukter frå naturen. Eg vil også oppmode folk til å invitere med seg ein ven på tur. Målet for 2020 må vere at fleire får oppleve denne magien, seier han.

Var stamgjest på Aker Brygge

Arnt Flatmo er ein av dei som garantert skal mykje på tur i 2020. Han bur på Sunnmøre, og har friluftsliv som sin store lidenskap. Slik var det absolutt ikkje for 20 år sidan. Han jobba i IT-bransjen i Oslo, og på fritida hadde han vore stamgjest på Aker Brygge i 10 år då han bestemte seg for å endre på heile livet.

Arnt Flatmo

Arnt Flatmo med sin mest trufaste turkamerat, Karma.

Foto: Privat

– Eg visste ikkje kva det nye livet skulle handle om, men starta med å reise. Vi besøkte dei 50 statane i USA, og der gjekk vi mykje på tur. Dermed bestemte eg meg for å bli ein fjellmann, seier han.

Han flytta først til Bergen, og deretter til Sunnmøre. No har han som mål å gå på minst 100 nye toppar årleg – i inn og utland. Han har lært seg å klatre, navigere, padle og stå på ski ned fjellsider. IT-mannen loggfører også alle turane, og i 2019 har han gått på 385 toppturar totalt.

Men Flatmo har også lært seg kva daglege turar i nærområdet betyr.

– Den indre energien eg får av å planlegge og gjennomføre små og store turar, er lykka i livet, seier han.

Tur i Ørsta

Nokre turar er lettare å motivere seg til å gå enn andre.

Foto: Arnt Flatmo

Å vinne den daglege kampen

Han synest han har fått eit heilt nytt liv etter at han bytta ut Aker Brygge med friluftsliv.

– På Aker Brygge blei eg kjent med alle og ingen. Men turfolka eg har møtt i mitt nye liv, er blitt venner eg kan ringe når som helst, seier han.

Han innrømmer at sjølv for han kan dørstokkmila vere hard når det er kuling og regn ute etter ein lang arbeidsdag.

– Det er den daglege kampen for å kome over sin eigen latskap, men eg veit at når eg vinn den kampen, blir resten av dagen så uendeleg mykje betre.

Karma i regn

Det er ikkje alltid det er like koseleg å gå på tur på Sunnmøre, men Arnt veit at dagen blir mykje betre både for han og hunden Karma om han vinn over indre motstand og kjem seg ut.

Foto: Arnt Flatmo

Hans råd til folk som vil meir på tur, er å vere nysgjerrige – gå gjerne til same plassen i ditt eige nærområde, men finn ein ny sti.

– No skal eg ikkje bidra til at Røde Kors får ekstra mykje å gjere i 2020, men for meg er det lettare å kome meg ut når eg veit at eg skal utforske ein ny sti, seier han.