Hopp til innhold

Mange meiner mykje om innhaldet i sjukehuset

Svært mange er opptatt av kva tilbod det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal skal gi. Det viser den siste høyringsrunden før tomtevalet blir gjort.

Espen Remme i Helse Møre og Romsdal

Både administrerande direktør Astrid Eidsvik og prosjektleiar Espen Remme har fått meir å tygge på no når den endeleg kabalen for fjellessjukehuset skal leggast.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Synspunkt og innspel om kva tilbod det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal skal ha, fyller stadig meir av den elektroniske postboksen til Helseføretaket. Ved midnatt set Helse Møre og Romsdal kroken på døra for fleire innspel.

– Eit 40-tals epostar har kome så langt i ettermiddag. Dette er ei sak som engasjerer svært mange, det er heilt tydleg, seier Espen Remme, strategi- og utviklingssjef i helseføretaket.

Dette er den andre høyringsrunden Helseføretaket har i haust. Sist gjaldt det innspel til valet av kvar sjukehet skal ligge, no gjeld det altså kva behandlingstilbod innbyggarane i Romsdal og Nordmøre skal få.

Samle trådar

Både privatpersonar, lag og organisasjonar så vel som sjukehustilsette, avdelingar, fagforeiningar, kommunar og næringsorganisasjonar står som avsendarar i denne siste høyringsrunden.

Skriva inneheld forventingar, bekymringar, krav, argument og eit vidt spekter med synspunkt.

–Etter det vi ser med eit kjapt blikk no, inneheld dokumenta stort sett argument og synspunkt vi kjenner frå før. Dei blir skikkeleg og godt presenterte frå alle avsendarane, og no skal vi gå gjennom alt i hop og samle trådane, seier Remme.

Helseføretaket har berre tre veker på seg til å nøste opp alle innspel. Alt 27. oktober har styret i helseføretaket sitt neste møte, og då skal resultatet av høyringa leggast fram som orienteringssak.

Folkemøte Molde

Folkemøta som blei arrangert i september, gav nyttige innspel om kvar nyesjukehuset bør ligge. Her frå folkemøtet i Molde.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Garantien

Strategi- og utviklingssjefen seier han vonar alle som bur og arbeider i nordfylket, tek på alvor garantien om at helseføretaket ønskjer å levere eit godt og framtidsretta tilbod.

– Vi vil unngå å så uvisse om at spesialisthelsetilbodet ikkje skal bli godt nok. Vi vonar grunnlaget fram mot desember no er så godt, at vi klarer å lande prosjektet. Oppvåga er å forme eit framtidsretta tilbod som tener befolkninga, seier Remme.

Føretaket jobbar no på spreng med ein stab på rundt 50 personar for å kome i hamn med alt som skal vurderast før styremøtet i Helse Møre og Romsdal 17. desember og i Helse Midt – Noreg 18. desember.

Skal sjå på heile fylket

– Men Helse Møre og Romsdal dekker meir enn Nordmøre og Romsdal. Når skal de løfte blikket for alvor og vurdere tilboda ved sjukehusa i heile fylket under eitt?

–Vi har sagt tidlegare at vi skal gjere det, og så skal også skje. Men alt det klarer vi ikkje samtidig som vi no arbeider både med lokalisering og utstaking av tilbodet i nyesjukehuset for Nordmøre og Romsdal. Sunnmøre skal vi vurdere nærare i 2015, stadfester Remme.

Strategi- og utviklingssjefen understrekar at ein ikkje må blande for mange kort i prosessen for nytt sjukehus nord i fylket.

– Sjukehuset vi no skal bygge, skal tene befolkninga på Nordmøre og i Romsdal i 50–60 år framover. Difor er det er veldig viktig at vi lukkast med denne etableringa, seier han.