Hopp til innhold

Mange lokale søkjarar til nytt studium

Søkarane til det nye ingeniørstudiet i undervassteknologi som startar i Kristiansund til hausten, kjem stort sett frå Møre og Romsdal.

Lillian Todnem og Gøran Gården

Det er mange lokale søkjarar til det nye ingeniørstudiet i Kristiansund.

Foto: Anne-Mari Flatset / nrk

– Det er veldig mange søkjarar frå nærområdet, blant anna frå Kristiansund og Averøy. Det er svært positivt at dei viser interesse ved å søke, seier Lillian Todnem, som er koordinator for det nye ingeniørstudiet.

Todnem kjem frå ingeniørfirmaet Norconsult og gler seg til å ta imot studentar i Kristiansund.

– Eg er spent, men trur det blir veldig bra. Eg ser fram til ein spennande haust, seier ho.

Behov for kompetansen

Det er Høgskolen i Bergen som har fagansvaret for studiet som startar opp til hausten. Så langt har nærare 160 personar søkt på studiet som vil ha plass til mellom 300–350 studentar.

Møre og Romsdal fylkeskommune har sidan 2012 vore pådrivar for å få på plass eit ingeniørstudie i undervassteknologi i Kristiansund.

Til trass for krevjande tider for den maritime næringa, er Todnem er ikkje i tvil om at det vil bli behov for denne kompetansen i framtida.

– Det er svingingar i bransjen. Akkurat no er det fokus på kostnadskutt, men det skjer også mykje spennande, seier ho.

– Eg trur denne kompetansen blir viktig for å kunne utnytte ressursane i framtida, held ho fram.

Samarbeid med næringslivet

Næringslivet i byen har også tidlegare uttrykt eit ønskje om å få eit slikt studium til Kristiansund, og fylkeskommunen har hatt eit tett samarbeid med næringslivet for å opprette det nye ingeniørstudiet.

– Støtta frå næringslivet har vore stor, så det vil ikkje vere problem å skaffe praksisplassar, seier Todnem.