Hopp til innhold

Erle fekk mesteparten av pengane på Vipps då ho konfirmerte seg

Ikkje gi kontantar til konfirmanten, seier banksjef. Erle Farstad synest det var praktisk å få pengane direkte på konto.

Erle Farstad

Erle Farstad syntest det var oversiktleg at folk gav konfirmasjonsgåver digitalt.

Foto: Remi Sagen / NRK

To «nyrike» jenter er akkurat ferdig med konfirmasjonen. Venninnene Molly Farstad (14) og Erle Farstad (14) frå Giske på Sunnmøre har ikkje rukke å bruke ei krone endå, men skal snart på shopping.

– Eg skal sette eit par tusen kroner på brukskonto. Resten skal eg spare i tilfelle eg skal ta mopedlappen, seier Erle Farstad.

Erle fekk dei største pengesummane digitalt, medan dei mindre pengegåvene blei gitt i kontant i konvoluttar.

– Personleg synest eg det er meir oversiktleg å få dei på konto, slik at eg ser kva eg fekk frå kven, seier Erle.

Silje Ødegård Flisnes

Silje Ødegård Flisnes meiner det kan bli mykje jobb for konfirmanten å få kontantar.

Foto: Sunndal sparebank

Unngå kontantar

Avdelingsleiar i Sunndal sparebank, Silje Ødegård Flisnes, seier at generelt bør folk unngå å gi kontantar.

Dersom konfirmanten får store pengebeløp i kontantar er det ikkje berre enkelt å sette inn att pengane på bankkonto. Faktisk kan det bli ein heil jobb.

– Har du over 20.000 kroner i kontantar må du spreie det ut over fleire dagar for å få sette det inn på konto, seier Flisnes. Berre eit fåtal bankar i landet godtar innskot av større beløp i innskotsautomaten.

Flisnes ser at konfirmantane får alt frå 20.000 kroner til 100.000 kroner. For dei som får mykje kontantar, kan dermed heile veka gå med på å sette dei inn på konto.

I tillegg kjem banken truleg til å ta kontakt med konfirmanten sine foreldre. Grunnen er at ein må fylle ut eit skjema, slik at banken er sikker på at kontantbeløpet ikkje dreiar seg om kvitvasking.

Even Westerveld, informasjonsdirektør i DNB

Even Westerveld er leiar for leder for menneske og merkevare i Vipps.

Foto: Johan B. Sættem

Fleire droppar kontantar

Ifylgje betalingsløysinga Vipps gir stadig fleire konfirmasjonsgåver digitalt.

– Det er nok fordi det er enkelt samanlikna med å gå i banken og ta ut kontantar. 15-åringen må uansett gå i banken og sette dei inn att, seier Even Westerveld i Vipps.

Førre laurdag var det over 9000 som brukte funksjonen med å sende pengesummen innpakka i digitalt gåvepapir til konfirmantane.

Westerveld trur ein del eldre synest det er upersonleg å vipse pengar. Mange gir difor eit fysisk kort til konfirmanten, samstundes som dei sender pengane digitalt.

Likte å telje pengane

Molly Farstad i konfirmasjonen

Molly Farstad synest det var ei heilt spesiell kjensle å halde pengane fysisk i handa.

Foto: privat

Molly Farstad fekk også gåver gjennom Vipps, men ein god del kontantar i tillegg. Ho synest det var heilt spesielt å telje fysiske pengar på konfirmasjonsdagen.

– Eg likar best kontantar for då kan eg sjå kor mykje det var. Det var kjekt, smiler 14-åringen. Ho har aldri i heile sitt liv hatt så mykje pengar mellom hendene før og måtte spreie pengane på golvet for å ta bilete av dei.

– Så telte eg dei på golvet, ler Molly.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL