NRK Meny

Mange kjøpte lokal julemat

Det største slakteriet i fylket, Ole Ringdal AS på Hellesylt i Stranda, klarte berre så vidt å levere nok pinnekjøt til årets julehøgtid. Slakteriet selde julemat frå rundt 20.000 lam til årets julesesong. Når eit nytt tilbygg står ferdig i april, reknar bedrifta med å auke produksjonen av spekemat med 20 til 30 prosent.

Ole Ringdal
Foto: Remi Sagen / NRK